Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1269 (2009-2010)
Innlevert: 26.05.2010
Sendt: 27.05.2010
Svart på: 08.06.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vik kommune ønskjer eit samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft om utbetring av rv 13 Vangsnes-Vik, ei strekning det har vore mange dødsulukker på. Statkraft treng store masseuttak til utbetring av Refsdalsdammen. Samfunnsnytten av eit samarbeid mellom Vegvesenet og Statkraft kan gje ei utbetring av denne vegstrekninga.
Vil statsråden ta initiativet til eit møte mellom Vik kommune, Statens Vegvesen, Statkraft og Samferdsledepartementet, med det mål å få til eit samarbeid om utbetring av denne vegstrekninga?

Grunngiving

Eg viser til brev frå Vik kommune til Samferdsleministeren, datert 13.04.10, og til tidlegare korrespondanse om denne saka.
Dette gjeld vegstrekninga RV 13 Vangsnes - Vik og masseuttak kombinert med utbetring av vegen.
Det gjeld ei strekning på om lag 800 meter, ei vegstrekning det har vore mange dødsulukker på tidlegare.
Statkraft treng no store masseuttak til utbetring av Refsdalsdammen, som ligg i Vik kommune, og samfunnsnytten av eit samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft vil kunne resultere i utbetring av denne vegstrekninga.
Statens Vegvesen skriv i brev, datert 15.02.10, til Vik kommune at dei har kostnadsrekna vegutvidinga og trekt frå gevinst av sal av stein til Statkraft frå veganlegget og bede om ei løyving på 5 - 8 millionar kroner for å utbetre denne strekning på omlag 800 meter frå Gotevik sørover mot Vik.
Denne vegstrekning ligg ikkje inne i prioriteringane i handlingsprogrammet 2010-2019 i NTP. Statens Vegvesen disponerer difor ikkje økonomiske midlar til dette prosjektet. Statens Vegvesen skriv vidare at dette er eit godt høve for å selje steinmassane til Statkraft.
At ikkje vegstrekninga ligg inne i NTP bør ikkje hindre at dette gode samfunnsøkonomiske prosjektet kan realiserast. Det er no Statkraft har behov for stein, og det er no Statens Vegvesen har høve til å selje steinen.
Det har tidlegare vore mange dødsulukker på denne vegstrekninga, og eg fryktar at nyttar ein seg ikkje av denne muligheita til eit samarbeid mellom staten og Statkraft, vil det vere stor fare for fleire dødsulukker i framtida.
Eg vil difor innstendig oppmode statsråden om å ta initiativet til eit fellesmøte mellom dei aktuelle aktørane, for å sjå om det er mulig til å få til eit samarbeid som kan resultere i utbetring av denne vegstrekninga.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Rv 13 mellom Vik og Vangsnes er om lag 12 km lang. Utbetringa som følgje av eit ev. uttak av massar til Statkraft vil omfatta 500-800 meter av denne strekninga. I følgje Statens vegvesen har det vore 6 trafikkulykker med lettare personskade på strekninga Vik – Vangsnes i løpet av dei siste 8 åra. Ei av desse ulykkene var ved Gotevik, der det kan vera aktuelt med masseuttak. Ei ev. utbetring av denne strekninga vil såleis ikkje føra til store endringar i trafikktryggleiken på rv 13 mellom Vik og Vangsnes. Eg har likevel forståing for at Vik kommune har teke opp denne saka og har i svarbrev til kommunen meldt frå om følgjande:
Dersom det skulle visa seg at masseuttak og tilhøyrande utbetring av ei kort strekning av rv 13 ved Gotevik er den beste løysinga samla sett, vil eg stilla meg positiv til dette. Statens vegvesen vil ta initiativ til ei nærare avklaring.