Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1456 (2009-2010)
Innlevert: 16.06.2010
Sendt: 17.06.2010
Svart på: 24.06.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Etter det ein kjenner til er det planer for å starte utviding av eksisterande tunnelar på Strynefjellet. Ein er også kjend med at det er utarbeidt planer for lang tunnel mellom Skåre og Grotli. Etter mi meining må dette vere eit langt betre og framtidsretta alternativ, og arbeidet på ny tunnel kan gå uhemma av eksisterande trafikk.
Vil statsråden vurdere bygging av ny tunnel opp mot utviding av eksisterande tunnelar før endeleg avgjer vert teken?

Grunngiving

Etter det ein er kjend med er det no snakk om å utbetre eksisterande tunnelar på Strynefjellet ved at ein auka høgda på tunnelane utan utvide breidda.
Denne løysinga vil etter mitt syn ikkje vere tilfredsstillande, då tunnelane også har for lita breidde, noko som etter det eg kjenner til ikkje skal gjerast noko med.
Å utbetre eksisterande tunnelar må etter mitt syn også verte ei frykteleg dyr løysing, og vil hemme trafikken.
Når Kvivsvegen vert opna i 2012 vil mykje av tungtrafikken frå Sunnmøre gå over Strynefjellet, noko som vil medføre stor auka trafikk på Strynefjellet.
Før ein starta utbetring av eksisterande tunnelar burde statsråden gjennomføre ei høyring blant dei største brukarane av denne fjellovergangen, og det burde føretakast ei kostnadsbereikning for å få fram skilnaden mellom utbetring av eksisterande tunnelar og bygging av ny lang tunnel.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det prioritert midlar til utstrossing av dei tre tunnelane på rv 15 over Strynefjellet, slik at frihøgda blir auka til 4,2 meter. I tillegg er det lagt til grunn bygging av om lag 1,1 km samanhengande rasoverbygg mellom to av tunnelane; Grasdalstunnelen og Oppljostunnelen. Det er føresett til saman 450 mill. 2009-kr til desse tiltaka i perioden 2010-2019. I St.meld. nr. 16 (2008-2009) blir det vidare opplyst at det ikkje ligg føre formelle planar for prosjektet, men at arbeidet med kommunedelplan er starta opp.
Det er utarbeidd eit planprogram for kommunedelplanarbeidet. Her er det lagt opp til å vurdera 7 alternative løysingar, der eitt av alternativa er i tråd med den løysinga som er føresett i St.meld. nr. 16 (2008-2009). Fleire av dei andre alternativa inneber bygging av nye tunnelar i ny trase. Kostnadene ved dei alternativa som inneber bygging av nye tunnelar ligg langt over 500 mill. kr, noko som inneber at prosjektet kjem inn under ordninga med ekstern kvalitetssikring av konseptval – KS1. Samferdselsdepartementet har derfor vedteke at Statens vegvesen skal gjennomføra ei konseptvalutgreiing for rv 15 over Strynefjellet. Konseptval- utgreiinga og den eksterne kvalitetssikringa av denne skal vera grunnlaget for prinsippvedtak i regjeringa om val av konsept for vidare planlegging. Det er ein føresetnad for innføring av KS1-systemet at lokale styresmakter avventar konklusjonane frå dette arbeidet før det blir planlagt vidare etter plan- og bygningslova. Det er følgjeleg lagt opp til ein prosess der bygging av nye tunnelar blir vurdert opp mot den opphavlege planen om å utbetra dei eksisterande tunnelane.
Uavhengig av val av framtidig løysing er det behov for å gjennomføra strakstiltak i dei eksisterande tunnelane. Platekvelva losnar og har i tillegg omfattande korrosjonsskadar. Vidare er det behov for å gjennomføra reinsk og sikringstiltak bak platekvelva. Strakstiltaka er planlagt gjennomførde i 2010-2011, parallelt med arbeidet med konseptvalutgreiing og KS1. Eg vil komma tilbake til omfanget på desse arbeida i samband med statsbudsjett for 2011.