Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:407 (2010-2011)
Innlevert: 01.12.2010
Sendt: 01.12.2010
Svart på: 16.12.2010 av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Kvitno Kraft, som er eigd av 8 grunneigarar i Ullensvang Herad og i Odda kommune, har jobba lenge for å få lov til å bygge ut eit småkraftverk ved Hardangerfjorden. Utbygginga har fått konsesjon frå NVE, men konsesjonen er påklaga, og den ligg no til handsaming i OED. Kvitno Kraft og ordføraren i Ullensvang herad var i møte med OED den 08.03.2010 der dei fekk klare signal om at saka ville bli prioritert og ferdighandsama i departementet rask. Framleis er ikkje dette gjort.
Når blir saka handsama ferdig i departementet?

Grunngiving

Grunneigarane som eig Kvitno Kraft har jobba lenge med å tilpasse eit småkraftverk til landskapet rundt Hardangerfjorden. Dei var i mot at det skulle lagast ein samla plan for ei større utbygging i område, og ville i staden satse på ei meir skånsam utbygging i eigen regi utan vesentlige negative konsekvensar for miljø og landskap.
Dei viktigaste landskapstilpassingane var at Raundalsvatn ikkje skulle regulerast, at inntaket skulle leggjast under Dettefossen, tilpasse minstevassføringa, legge øvre delen av vassvegen i fjell og plassere kraftstasjonen slik at den ikkje vart synleg frå Hardangerfjorden.
Ei slik utbygging ville gje svært viktige tilleggsinntekter til dei gardsbruka som er involverte. I tillegg er produksjon av rein fornybar energi viktig for å nå klimamåla og distriktspolitiske målsettingar.
NVE starta handsaminga av prosjektet 13.09.2007, og etter ein svært grundig, demokratisk og omfattande konsesjonsprosess fekk Kvitno Kraft konsesjon 2 år seinare den 28.10.2009. Naturvernforbundet i Hordaland klaga på vedtaket, og det er grunnen til at saka ligg til klagehandsaming i OED.
Grunneigarane ønskjer fortgang i klagehandsaminga, og det fekk dei også lovnad om då dei vitja departementet 08.03.2010.
På tross av fleire purringar har ikkje saka kome lenger, og det er svært alvorleg for grunneigarane som eig Kvitno Kraft. Sjølv om det har vore ulike sakshandsamarar i OED som har jobba med denne saka er ikkje det grunn god nok for treig sakshandsaming. Eg ber derfor om svar på spørsmålet om når saka er ferdighandsama i departementet.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Jeg kan opplyse at klagesaken nå er avgjort. Olje- og energidepartementet har opprettholdt NVEs konsesjonsvedtak, og alt bør derfor ligge til rette for at Kvitno kraftverk kan realiseres til beste for fornybarsatsingen her til lands.