Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:825 (2010-2011)
Innlevert: 03.02.2011
Sendt: 04.02.2011
Svart på: 11.02.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Vegvedlikehalde i Sogn og Fjordane førre og sist vinter er under ein kvar kritikk. Statens vegvesen har ansvaret for dette vedlikehaldet, men har sett dette ut på kontraktar. Enten er kontraktane for dårlege, eller så er kontrollen frå Statens Vegvesen for dårleg.
Vil statsråden syte for å følje opp Statens Vegvesen, slik at kontraktane på vegvedlikehald tek høgde for tilfredsstillande vedlikehald, og syte for at Statens Vegvesen føretek nødvendige kontrollar i høve allereie inngåtte kontraktar?

Grunngiving

Både vinteren i år og førre vinter var vegvedlikehaldet i Sogn og Fjordane så dårleg at det til tider har vore direkte trafikkfarleg. Eg er redd dette gjeld også for resten av landet.
I tillegg påfører det dårlege vegvedlikehaldet store utgifter for transportørar i form av vedlikehald på køyretøy.
Eg er redd for at årsaka til dette er at enten er kravspesifikasjonane i anboda alt for dårlege, eller så vert ikkje kontraktane følgt godt nok opp.
Etter mitt syn må det stillast krav til dei som skal få anboda på vegvedlikehald at dei enten har nødvendig utstyr, eller kan dokumentere at dei har leigeavtaler om dette.
Like viktig er at Statens vegvesen føretek nødvendige kontrollar på utføringa av vedlikehaldet, og syter for å kontrollere at entreprenørane utfører vedlikehaldet i.h.t. kontrakt. Eg stiller meg tvilande til at dette vert gjort i stor nok grad.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Statens vegvesen stadfestar at det i år har vore mange klager på vinterstandarden på vegane i Sogn og Fjordane. Det har vore ein uvanleg lang kuldeperiode denne vinteren. Dette, i kombinasjon med store snømengder i desember og januar, har gjort at det har danna seg ein tjukk issåle (når snø vert pakka til is) på mange av vegane. Entreprenørane fekk problem med å fjerna denne sålen, og etter kvart vart mange vegar ujamne og sporete. Det er desse forholda vegvesenet i denne delen av landet har fått mest klager på denne vinteren, og klagene har i stor grad vore rettmessige.
Vegvesenet har sett at entreprenørane i mange høve har brukt for lett utstyr for å fjerna snø- og issåle frå vegane. Sjølv etter gjentekne førespurnader frå Statens vegvesen og trafikantar, vart ikkje forholda betre. Etter sterkt press frå Statens vegvesen leigde til slutt entreprenørane inn motorhøvlar, og forholda vart gradvis betre.
Entreprenørane har ansvaret for at tilstanden på vegnettet er slik som fastsett i kontraktane og skal utføra eigenkontroll av tilstanden på vegnettet for å dokumentera dette. I tillegg føretek Statens vegvesen systematiske stikkprøvekontrollar av drifts- kontraktane etter eit omfattande kontrollsystem. Meldingar om avvik ute på vegen i forhold til kontrakten vert sendt entreprenørane jamleg. For kvart avvik vert det vurdert kor alvorleg avviket er og kva entreprenøren kan gjera for å unngå tilsvarande avvik seinare. Statens vegvesen har ein eigen instruks for handtering av manglar og sanksjonar i driftskontraktane. Vegvesenet har følgt spesielt opp dei vegane der entreprenørane har hatt problem med å halda krava i kontraktane. For dei dårlege vegforholda som er omtalte over, er det varsla om omfattande sanksjonar på mange vegruter i fylket. I dei fleste driftskontraktane har entreprenørane forplikta seg til å gjennomføra arbeida i samsvar med ISO 9001. Gjennom dette har dei forplikta seg til ”kontinuerleg forbetring” og å gjennomføra tiltak slik at manglar ikkje skjer på nytt. Vegvesenet forventar derfor at entreprenørane gjer forbetringar som medfører at tilhøva vert innafor kontraktskrava ved seinare høve.
I driftskontraktane er det oppgitt korleis tilhøva på vegbanen skal vera under vinter- tilhøve, men det er ikkje krav om type utstyr i alle driftskontraktane. Grunngjevinga for dette er at det er entreprenøren sitt ansvar å ta avgjerd om val av utstyr som er nødvendig for å halda krava i kontrakten. I somme høve kan det vera ønskjeleg med meir spesifiserte krav til utstyr, mannskap, lokalkunnskap og rodelengder. Samtidig vil dette hindra entreprenøren frå å ta avgjerder om val av utstyr. Ein slik praksis kan føra til at kostnadane for Statens vegvesen og entreprenøren blir høgare enn nødvendig. Noko av formålet med konkurranseutsetjinga etter omorganiseringa av Statens vegvesen i 2003 var nettopp å redusera kostnadene for vegdrifta. Likevel er det opna for ein slik praksis i nye kontraktar som vert utlyste, og denne praksisen er brukt i kontraktar som har fjellovergangar.
Ei viktig erfaring som vegvesenet har gjort dei siste åra, er at det er nødvendig med fleire stikkprøvekontrollar i driftskontraktane. Kontraktane er omfattande og krev store ressursar til oppfølging. Sanksjonar krev god dokumentasjon frå vegvesenet og gir eit meir krevjande samarbeidsklima. Vegvesenet ser og at fleire entreprenørar ikkje har teke inn over seg omfanget av dei krevjande oppgåvene i kontraktane året rundt.
Det kan og nemnast at Statens vegvesen får mange klager på vegstandard sjølv om entreprenøren ligg innafor dei landsdekkande krava i kontraktane. Dette gjeld særleg brøyting og strøing. Vegvesenet opplever nokså ofte at det folk flest reknar som gjeldande vinterstandard på vegane, ligg over dei krava som er sette i driftskontraktane. Desse krava er sette ut frå dei krava som gjeld på landsbasis etter Statens vegvesen si handbok om standard for vegdrifta. Krava i denne handboka er tufta på analyser av kva som løner seg for samfunnet.
Samferdselsdepartementet følgjer opp både nivået på vegvesenet sine kontroll- aktivitetar, talet på avvik og manglar og omfanget på økonomiske sanksjonar som entreprenørane har motteke. Kontrollomfanget har auka mykje det siste året. I dei kontraktane som har oppstart kommande haust, er det dessutan strengare føresegner enn tidlegare. Dette inneber mellom anna at før kontraktane startar opp, skal vegvesenet sine folk saman med entreprenøren gå gjennom alle planar og sikra at kontraktane kan gjennomførast på ein forsvarleg måte.