Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1026 (2010-2011)
Innlevert: 09.03.2011
Sendt: 10.03.2011
Svart på: 16.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til statsråden sitt svar på mitt spørsmål nr. 1269, datert 26. mai 2010. Spørsmålet gjaldt samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft om utbetring av RV 13 Vangsnes-Vik. Iflg. media i Sogn og Fjordane kan det no sjå ut som anbodet frå Vegvesenet er slik at det kostnadsmessig bort imot gjer det umulig å gjennomføre samarbeidet som statsråden i sitt svar stilte seg positivt til.
Vil statsråden gripe inn i denne saka for å syte for at anbodet på utbetring av denne vegstrekninga får ei endra utforming?

Grunngiving

Vik kommune ønskjer eit samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft om utbetring av RV 13 Vangsnes - Vik, ei strekning det har vore mange dødsulukker på. Statkraft treng store masseuttak til utbetring av Refsdalsdammen. Samfunnsnytten av eit samarbeid mellom Vegvesenet og Statkraft kan gje ei utbetring av denne vegstrekninga.
Som svar på mitt spørsmål nr. 1269 frå 2010 svarte statsråden m.a. følgjande:

"Dersom det skulle vise seg at masseuttak og tilhøyrande utbetring av ei kort strekning av RV 13 ved Gotevik er den beste løysinga samla sett, vil eg stille meg positiv til dette. Statens Vegvesen vil ta initiativ til ei nærare avklaring."


Iflg. Sogn Avis har Statens Vegvesen no kansellert anbodsrunden på vegstykket Gåtevik-Galden, mellom Vangsnes og Vik.
Årsaka til dette skal vere at kostnaden iflg. innkomen anbod gjorde at kostnaden på utbetringa vart for høg. Innkomen anbod skal etter det Sogn Avis har funne ut vere på 24 - 25 mill. kr.
Iflg. innspel eg har fått frå folk i området kan årsaka til den høge anbodssummen vere utarbeidinga/utforminga av anbodsdokumentet.
Dersom det er rett at Statens Vegvesen har utarbeidt anbodsdokument som medfører kostnadssummen vert langt over det som var utgangspunktet, og dersom det kunne vore unngått ved å utarbeide andre anbodsdokument, er dette svært beklageleg.
Dette gjeld ei vegstrekning som det har vore mange dødsulukker på. Eit samarbeid mellom Statens Vegvesen og Statkraft vil i denne situasjonen vere ein vinn, vinn situasjon for alle partar. Dette kunne medført at ei veldig farleg vegstrekning kunne vorte utbetra og Statkraft kunne fått tilgang på steinmasser til utbetring av Refsdalsdammen.
Statsråden sitt positive svar på mitt spørsmål, og statsråden sitt initiativ i saka må berømmast, og har sannsynlegvis også medført til at saka kom så langt at anbod vart utarbeidt.
Det vil vere svært beklageleg dersom denne vinn, vinn situasjonen vert sløst bort dersom det er rett at anbodsdokumentet er utforma slik at det i utgangspunktet gjer det umulig å oppnå denne vinn, vinn situasjonen.
Statsråden bør ta kontakt med Statens Vegvesen for å få full informasjon om kva som har skjedd frå Statens Vegvesen si side i denne saka.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett at eg i mitt svar på spørsmål nr. 1296 i mai 2010 stilte meg positiv til å kombinera masseuttak og tilhøyrande utbetring av ei kort strekning av rv 13 ved Gotevik, dersom det skulle visa seg at dette ville vera den beste løysinga samla sett. Eg tok derfor initiativ til ei nærare avklaring av dette. Gjennom eit godt samarbeid mellom Statkraft, Statens vegvesen og Vik kommune vart det i 2010 sett i gang regulerings- planlegging og utarbeiding av anbodsgrunnlag for ei strekning på om lag 500 meter ved Gotevik.
Statens vegvesen opplyser at noko av det første som vart undersøkt var om geologien på strekninga gjer det forsvarleg å byggja ny veg i dagen. Det vart konkludert med at det på visse vilkår ville vera mogleg å byggja veg i dagen med tilfredsstillande sikring mot steinsprang. Både Statens vegvesen sine eigne geologar og geologar frå to eksterne firma vart nytta i desse vurderingane. Alle partar var derfor innstilte på å gjennomføra prosjektet sjølv om sikringstiltaka ville verta omfattande.
Kostnadsoverslaget for prosjektet var opphavleg 11 mill. kr, der 8 mill. kr vart løyvd i statsbudsjettet for 2011 og 3 mill. kr var føresett dekka gjennom sal av overskotsmasse til Statkraft.
Då anbodsgrunnlaget var ferdig, vart det etter vanleg prosedyre laga nytt kostnads- overslag for å ha eit best mogleg grunnlag for å vurdera innkomne tilbod. Det nye byggherreoverslaget viste seg å verta vesentleg høgare enn 11 mill. kr, noko som i hovudsak skuldast meir omfattande sikringstiltak enn tidlegare føresett. Samstundes ville auka sikringsomfang og endra profilutforming gi langt meir stein pr. løpemeter enn tidlegare rekna med. Sjølv med ei mindre omfattande utbygging ville det derfor vera mogeleg å levera tilstrekkeleg med stein til Statkraft. Dette førte til at Statens vegvesen valde å dela anbodet i to delstrekningar. Dei to delstrekningane vart lyste ut samla, men med opsjon på den eine delstrekninga. På denne måten ville det vera mogeleg å byggja heile strekninga dersom det skulle visa seg at Statens vegvesen hadde feilvurdert entreprenørmarknaden og prisane vart lågare enn rekna med.
Resultatet av anbodskonkurransen vart det motsette. Dei to anboda som kom inn, var 50-60 prosent høgare enn byggherreoverslaget. Kostnadsoverslaget for den eine delstrekninga ville då verta om lag 21 mill. kr, dvs. ein løpemeterpris på om lag 78 000 kr. Statens vegvesen meiner at 30-40 000 kr ville vore ein akseptabel løpemeterpris på veg i dagen i dette terrenget. Tunnel kostar til samanlikning om lag 90 000 kr pr. løpemeter. Statens vegvesen har derfor tilrådd at konkurransen vert avslutta og at utbetring av rv 13 mellom Vik og Vangsnes vert vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2014-2023. På grunn av rasfare er det rekna med at det må byggast tunnel sørover frå Gotevik. Dei høge sikringskostnadene ved utbetring av veg i dagen ved Gotevik inneber at det i den samanhengen også bør vurderast om det er meir formåls- tenleg å forlengja tunnelen. Statkraft har på si side stadfesta at dei kan få levert nødvendig masse frå anna hald.
Eg har slutta meg til Statens vegvesen sine vurderingar i denne saka, og føreset at utbetring av rv 13 mellom Vik og Vangsnes vert vurdert i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023.