Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1112 (2010-2011)
Innlevert: 23.03.2011
Sendt: 24.03.2011
Svart på: 31.03.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til mine spørsmål nr. 1269 frå 2010 og nr. 1026 av 2011 vedr. RV 13 Vangsnes-Vik. Når eg no på ny røyser spørsmål om denne vegstrekninga, er det pga. dei utfordringane Vik-samfunnet har inntil lang tunnel gjennom Vikafjellet er bygt.
Kan statsråden bruke av dei overskytande vegmidlane frå 2010 til å forsere strekninga Vangsnes-Vik, slik at næringslivet og innbyggjarane i Vik kan ha ein sikker veg for å kome seg ut av kommunen, då vegen over Vikafjellet ofte er stengt på vinterstid?

Grunngiving

Eg viser til grundig grunngjeving på mine tidlegare spørsmål om RV 13 Vangsnes-Vik, og vil presisere endå ein gong at skal ikkje Vik-samfunnet verte ytterlegare nedbygt så må det handlast no.
Etter det eg har høyrt datt denne vegstrekninga ut av gjeldande rassikringsplan ved ein glipp, noko eg synes statsråden må medverke til å rette opp no.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Då Vik kommune kom med forslag om å kombinera utbetring av rv 13 mellom Vik og Vangsnes med masseuttak til Statkraft, vart utbetring av strekninga ved Gotevik vurdert som den mest aktuelle. Som opplyst i mitt svar på spørsmål nr. 1269, reknar Statens vegvesen med at det må byggjast tunnel sørover frå Gotevik. Dei høge sikringskostnadene ved utbetring av veg i dagen ved Gotevik inneber at det i den samanhengen også bør vurderast om det er meir formålstenleg å forlengja tunnelen. Eg kan derfor ikkje sjå at det er aktuelt å gjennomføra andre tiltak på denne strekninga i 2011. Bruken av dei overskytande midlane vil derfor bli vurdert i samband med arbeidet med statsbudsjettet for 2012.