Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1186 (2010-2011)
Innlevert: 05.04.2011
Sendt: 06.04.2011
Svart på: 27.04.2011 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Fleire brukarar har motteke pålegg frå Hareid kommune om å knyte seg til kommunal vassleidning, på tross av at dei i alle år har hatt privat brønn. Det er føreteke vassprøver då ein av brukarane driv gardsbruk med mjølk og kjøtproduksjon, og tilbakemelding frå Mattilsynet er at vatnet er av ypparste kvalitet.
Er statsråden samd i at kommunane kan tvinge brukarar med eigen brønn, som ifølgje vassprøver har godkjent vasskvalitet, til å koble seg til kommunale vassverk mot deira sin vilje?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Først må eg seie at eg ikkje kan ta stilling til den konkrete saka. Eg kjenner ikkje tilhøva som er lagt til grunn, og departementet kan ikkje gå inn i konkrete saker utan når departementet er klageinstans.
Eg syner til plan- og bygningslova § 27-1, som gjeld vassforsyning. Etter denne paragrafen skal nybygg ha tilstrekkeleg og godt vatn. Når offentleg vassleidning går fram til, langs eller over tomta kan kommunen krevje at bygg knyt seg til. Også eksisterande bygg, som allereie har vassforsyning kan krevjast knytt til leidningen, om dette ikkje vil leie til at kostnaden blir urimeleg stor.
Det er to grunnar til at også bygg som allereie har vassforsyning kan krevjast knytt til offentleg vassleidning. Den første er å sikre kvaliteten på vatnet for den som blir knytta til. For dei fleste brukarane vil levering frå ein offentleg leidning gje betre vasskvalitet. For det andre så sikrar plikta til å knyta seg til leidningen at kommunen har eit stort nok og kjent kundegrunnlag for leidningsnettet. Dette gjev ei betre teneste for innbyggjarane samla.
Eg kan sjå at dei som har ei god vassforsyning for sitt eige bygg kan meine at det er urimeleg å måtte knytast til det offentlege nettet. Eg meiner derfor kommunane må vurdere nøye om dei skal krevje at absolutt alle skal måtte knyte seg til nye leidningsnett. Samstundes er det viktig at kommunane etablerer og vidareutviklar gode løysingar. Etableringa av mange kommunale vassleidningsnett er tufta nettopp på sikkerheita for at nettet har eit kundegrunnlag.