Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1264 (2010-2011)
Innlevert: 14.04.2011
Sendt: 15.04.2011
Svart på: 03.05.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): I Sogn og Fjordane er det sett til sides 156 mill kr. som m.a. skulle nyttast til veginvesteringar og vegvedlikehald. Trass i sterkt forfall, har ikkje fylkeskommunen klart å oppretthalde dagens vegstandard, sjølv om dei hadde tilgjengeleg midlar til dette. Fylkesrådmannen skuldar på dårleg kapasitet hos vegstyresmaktene.
Vil statsråden syte for at vegstyresmaktene utarbeider planer i god tid, slik at dei ligg i forkant av både prioriterte investeringar og vedlikehald av vegnettet i sine respektive fylker?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Gjennom forvaltningsreforma har regjeringa styrka økonomien til fylkeskommunane vesentleg for å gjera fylkeskommunane betre i stand til å løysa dei store utfordingane som dei står ovanfor på transportsektoren. Endelege tal for kva fylkeskommunane har brukt på fylkesvegnettet i 2010 vil gå fram av fylkeskommunane sine rekneskap når disse er lagt fram og handsama av fylkestinga våren 2011. Førebelse estimat basert på rekneskaptal frå Statens vegvesen for 2009 og 2010 og ei undersøking frå MEF tidlegare i år viser at fylkeskommunane har løyva meir midlar til fylkesvegnettet enn dei samla løyvingane til tiltak på fylkesvegnettet og øvrig riksvegnett tidlegare år. Auken i løyvingar, saman med alle endringane som skulle på plass både i fylkes- kommunane og Statens vegvesen som følgje av forvaltningsreforma, førte til at fleire fylkeskommunar hadde mindreforbruk i 2010. Mindreforbruket var i hovudsak knytt til investeringar.
Også i Sogn og Fjordane var mindreforbruket i hovudsak knytt til investeringar. Dette skuldast dels lågare anbod og dels endra framdrift i høve det som var føresett for nokre prosjekt. Mindreforbruket innan drift og vedlikehald (om lag 30 mill. kr) skuldast i hovudsak at nokre vedlikehaldsarbeid vart mellombels stansa på grunn av tidleg vinter. Desse arbeida er no i gang att og vil bli fullførte i år. I følgje Statens vegvesen har fylkeskommunen utarbeidd eit planprogram, og etaten leverer planar i samsvar med dette, tilpassa dei prosessane som må gjennomførast etter plan- og bygningslova.
Auka løyvingar både til riks- og fylkesvegar stiller store krav til Statens vegvesen med omsyn til planlegging og gjennomføring. Statens vegvesen har alt auka planleggings- og byggjeleiingskapasiteten, både med eigne ressursar og bruk av eksterne konsulentar. Arbeidet med å rekruttera ytterlegare personell held fram. Statens vegvesen har også starta eit arbeid for å sjå på korleis planleggingsprosessane kan effektiviserast innafor gjeldande lovverk og forskrifter, slik at tida til planlegging kan bli kortare utan at dette set rettane til grunneigarar og viktige samfunnsinteresser i fare.
I samarbeid med rådgjevar- og entreprenørbransjen arbeider også Statens vegvesen med utvikling av entrepriseformer og betre effektivitet og samhandling i entreprenørbransjen.