Skriftleg spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1642 (2010-2011)
Innlevert: 15.06.2011
Sendt: 16.06.2011
Svart på: 22.06.2011 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til Inns. 422S (2010-2011) der fleirtallsinnstillinga gjer det klart at det skal vere anestesi-beredskap ved sjukehuset på Nordfjordeid. Styreformann i Helse Vest har uttalt til NRK Sogn og Fjordane at vedtak om nedlegging av ortopedi ved sjukehuset på Nordfjordeid skal gjennomførast.
Meinar ikkje statsråden ut i frå fleirtallsinnstillinga i Nasjonal helse- og omsorgsplan, som vart vedteken på Stortinget i går, at dei aktivitetane som er på sjukehuset på Nordfjordeid i dag skal vidareførast også i framtida?

Grunngiving

Eg meinar at det frå føretaksmøte, Helse Vest RHF og Helse Førde HF no er spreidd nok usikkerheit om framtidige aktivitetar ved sjukehuset på Nordfjordeid.
Kommunalminister Liv Signe Navarsete uttalar til NRK Sogn og Fjordane at no har regjeringa bestemt at anestesi skal vidareførast som i dag ved Nordfjord sjukehus.
Vidare har nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe, uttalt til same kanal at når anestesi skal vidareførast ved sjukehuset på Nordfjordeid, er det også naturleg å vidareføre funksjonar som gjer at anestesilegar har noko å arbeide med.
Frå Helseministeren og helsedepartementet har det ikkje kome noko uttale om dette etter at fleirtallsinnstillinga i saka om Nasjonal helse- og omsorgsplan er kjend.
På vegne av dei tilsette ved sjukehuset på Nordfjordeid og folk i Nordfjordområdet, som vil ha sjukehuset på Nordfjordeid som det er i dag, forlangar eg eit klart svar frå statsråden om framtidsutsiktene for sjukehuset på Nordfjordeid.
Statsråden har sjølv invitert til at det på sjukehuset på Nordfjordeid skal vere eit pilotprosjekt for framtidige lokalsjukehus. Eg oppfattar det slik at Helse Vest, som har fått mandat til å utvikle piloten, saman med Nordfjordkommunane, legg opp til i sitt forslag til mandat at prosjektet skal utviklast i samsvar med dei strukturar som Helse Førde og Helse Vest har lagt opp til, nemleg at sjukehuset på Nordfjordeid skal i framtida ha rus, psykiatri og indremedisinsk beredskap utan anestesi.
Dette er i sterk kontrast til fleirtallsinnstillinga som vart vedteken i Stortinget den 14. juni 2011.
Eg ber statsråden straks gripe inn og instruere styret og byråkratane i Helse Vest og Helse Førde før styremøte i Helse Vest den 22. juni, slik at dei får eit pålegg frå statsråden om å halde seg til fleirtallsinntillinga som vart vedteken på Stortinget i går, nemleg at pilotprosjektet skal innehalde eit framtidig lokalsjukehus for Nordfjordregionen med indremedisinsk akuttberedskap, ortopedisk avdeling som i dag, psykiatri, framtidig ruspost, anestesi og øvrige støttefunksjonar.
Dette fordi det då kan verte eit robust lokalsjukehus som gjer det mulig å behalde noverande kompetanse og rekruttere nødvendig fagkompetansen i framtida.
Når det gjeld fødeavdelinga må det i pilotprosjektet og sjåast på om det kan vere hensiktsmessig, både frå eit nærleiksprinsipp og ut i frå økonomiske vurderingar, og oppretthalde avdelinga som i dag også i framtida.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Ved behandlingen av Nasjonal helse- og omsorgsplan la helse- og omsorgskomiteen (Innst. 422 S (2010-2011)) til grunn at lokalsykehusene må ha en tydelig plass i behandlingskjeder der de bidrar til god og helhetlig behandling. Videre ble det lagt til grunn at lokalsykehusene skal bevare breddekompetanse for å sikre rekruttering og kvaliteten i tilbudet.
I innstillingen ble det vist til forslaget i Nasjonal helse- og omsorgsplan vedrørende minstekrav til sykehus med akuttfunksjoner:

”Lokalsykehus med akuttfunksjon må som et minimum ha indremedisinsk akuttberedskap, samt kompetanse til å utføre enklere kirurgiske prosedyrer på døgnbasis.”

Komiteens flertall la videre til grunn at lokalsykehus med akuttfunksjoner skal videreføres med anestesiberedskap der dette er etablert i dag.
Innstillingen om Nasjonal helse- og omsorgsplan ble vedtatt av Stortinget 14. juni 2011.
Forslaget om at lokalsykehus med akuttfunksjoner skal ha kompetanse til å utføre enklere kirurgiske prosedyrer på døgnbasis, bygger på konklusjonene i rapporten ”Lokalsykehusenes akuttfunksjoner i en samlet behandlingskjede” fra 2007. I rapporten blir det konkludert at

”disse prosedyrene må ikke nødvendigvis utføres av spesialister i kirurgi eller ortopedi”.

Det forutsettes derfor ikke at lokalsykehusene må ha kirurgisk vaktberedskap på døgnbasis.
De regionale helseforetakene skal fungere som redskap for å gjennomføre nasjonal politikk. Helse Vest RHF skal, gjennom sitt sørge-for-ansvar, sikre spesialisthelsetjenester til befolkingen i sin region i tråd med regjeringens politikk og Stortingets føringer. Regjeringens beslutninger vedrørende Nordfjord sykehus ble lagt til grunn for vedtak i foretaksmøtet i Helse Vest RHF 28. april 2011. Den videre utformingen av tilbudet ved Nordfjord sykehus skal i tillegg ivareta Stortingets føringer vedrørende anestesiberedskap.