Skriftleg spørsmål fra Erling Sande (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:563 (2011-2012)
Innlevert: 05.01.2012
Sendt: 06.01.2012
Svart på: 16.01.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Er høyringa på konseptval for E 39 å tolke slik at departementet har konkludert på at det kun er dei to alternativa som SSV peikar på som er realistiske, eller er det såkalla S-alternativet (K4) og dei andre trasèane som ligg i høyringsdokumentet framleis aktuelle å vurdere for høyringsinnstansane, og er det automatikk i at det kjem 300 millionar til strekninga Olden-Innvik dersom indre trase vert valgt, og tidleg i perioden, eller vil dette måtte vurderast opp mot andre prosjekt langs E 39?

Grunngiving

I prosessen med konseptvalutredning for E 39 gjennom Sogn og Fjordane er no Statens Vegvesen si innstilling til Samferdsledepartementet på høyring. I framlegget har Statens Vegvesen utgreia ei rekke trasèalternativ, men ut frå sin ståstad peika særskilt på to trasèar, ein vestleg med kryssing av Nordfjord mellom Lote og Anda, og ein lenger aust. Fylkesadministrasjonen ser ut til å ha tolka vegvesenet slik at dette er dei einaste realistiske alternativa. Det kan difor vere nyttig å få klargjort om det er rett å tolke høyringa slik at det kun er desse to alternativa som er realistiske, eller om det såkalla S-alternativet (K4) og dei andre trasèane som ligg i høyringsdokumentet framleis er aktuelle å vurdere for høyringsinstansane. Vegvesenet har vidare lagt opp til å finansiere dei gjenståande parsellane på fylkesvegen mellom Olden og Innvik (ca 300 mill) dersom indrè trase vert valgt. Det kan vere nyttig å få avklart om det er automatikk i at desse midlane kjem på plass dersom indre trasè vert valgt, og kan det garanterast at dette skjer tidleg i perioden utan at dette påverkar gjennomføringstempo og rekkefylgje for andre prosjekt på E 39, eller om dette må vurderast og prioriterast opp mot andre prosjekt i og utanfor fylket på E 39.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling i denne saka.
Alle alternativa som ligg i høyringsdokumentet er aktuelle å vurdera for høyringsinstansane.
Endeleg avklaring vil skje etter handsaming i regjeringa og etter at ein har gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1) av dei tre konseptvalutgreiingane (KVUane) for E39 mellom Skei og Ålesund. Slik kvalitetssikring pågår no. Handsaminga i regjeringa vil skje på bakgrunn av KVUane, innkomne høyringsfråsegner til KVUane og rapport frå kvalitetssikraren. Avklaring i saka er venta å føreliggja nærmare sommaren 2012.
Når det gjeld løyving av midlar til konkrete tiltak, er det ingen automatikk knytt til dette. Konkret løyving av midlar vil bli avklart i dei årlege budsjetta. Det skjer etter ei avveging mellom ulike prosjekt.