Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:594 (2011-2012)
Innlevert: 10.01.2012
Sendt: 10.01.2012
Svart på: 26.01.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Det er svært mange småkraftutbyggar som har venta lenge på ordninga med grøne sertifikat. For mange av desse er det ein stor skuffelse at det er innført eit stort gebyr for handsaming av søknaden. For dei minste produksjonsanlegga vil fleire års overskot gå med til å finansiere gebyret på 30.000,- kroner. Dette er svært urimeleg for dei som blir råka.
Kva er berekningsgrunnlaget for utrekninga av NVE si utgiftsdekning, og er det ikkje mogeleg å innføre eit differensiert gebyr for dei minste produksjonsanlegga?

Grunngiving

Den nye sertifikatordninga har vore svært etterlengta, og burde vore innført allereie i 2006-2007. Det ville ført til at ein fekk ei meir gradvis innføring, og ikkje slik vi ser i dag at alt hopar seg opp i sakshandsamingskø og press på utbyggingskapasitet. Det er også trist at 150 småkrafverk som var lova å få vere med på ordninga ikkje kom med. Dette er eit grovt løftebrot frå regjeringa si side.
Det er uheldig at regjeringa vel å legge på eit så stort sakshandsamingsgebyr som 30.000,- kroner på dei minste anlegga. For mange utbyggarar reduserer dette gebyret innteninga så mykje at det kan hindre at allereie utbygde anlegg kan ta del i sertifikatordninga.
Mikro- og minikraftverk kom etter lang tid tautrekking inn i overgangsordninga som sikrar at også kraftverk av denne størrelsen som er bygde mellom 2004 og 2009 får delta i ordninga, men med avkorting for år i drift. Nokre av desse minste anlegga får mellom 3 og 7 års avkorting på dei 15 åra støtteordninga varer.
Eitt års sertifikatinntekter for eit mikrokraftverk på 60 kW installert effekt vil med dagens sertifikatpris vere om lag 36.000,- kroner. For eigarane av desse kraftverka er det svært skuffande å oppdage at det kostar 30.000,- kroner å få godkjent at anlegget har rett på sertifikat. For dei minste anlegga med avgrensa omsetning og dårleg kontantflyt, og som eventuelt i tillegg har avkorting i tal år med støtteordninga, kan dette bli eit uoverkomeleg hinder for å delta i sertifikatordninga. For enkelte vil det rett og slett ikkje vere rekningssvarande å betale gebyret.
Unødige skattar og avgifter er med på å øydelegge for næringsutvikling og arbeidsplassar, og den raudgrøne regjeringa har vist at den har stor appetitt på nye skattar og avgifter. Det er grunn til å stille spørsmål ved fastsettinga av dette gebyret. Dersom det blir godkjent 500 anlegg fram til 2020 vil inntektene til NVE bli på 15 millionar kroner. Det kan stillast store spørsmålsteikn med om NVE har så store utgifter til å administrere denne ordninga. Ein har forståing for at ordninga skal finansierast ved gebyr, men det skal ikkje vere ei ekstra inntektskjelde for staten.
Derfor ønskje ein svar på kva som er berekningsgrunnlaget for utrekninga av NVE si utgiftsdekning i tillegg til å få svar på om det er mogeleg å innføre eit differensiert gebyr for dei minste produksjonsanlegga.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Forskrift til lov om elsertifikater åpner for at NVE kan kreve inn gebyr for å dekke kostnadene ved godkjenning og tilsyn under elsertifikatordningen. Gebyret kan ikke overstige de kostnadene NVE har ved ordningen, jf. § 35 i forskrift til lov om elsertifikater. Det vil si at NVE ikke kan hente inn mer penger enn de bruker på å administrere ordningen. Gebyret på 30 000 kroner per godkjente anlegg er fastsatt av NVE basert på deres kostnadsberegninger. Gebyret gjelder anlegg som blir godkjent for tildeling av elsertifikater.
I utforminga av godkjenningsgebyret har NVE vurdert forskjellige modeller, bl.a. å innføre et differensiert gebyr for mindre produksjonsanlegg. NVE påpeker at det er like mye arbeid med godkjenning av et lite anlegg som et stort ett, og at de av den grunn har valgt et felles gebyr.