Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:962 (2011-2012)
Innlevert: 01.03.2012
Sendt: 02.03.2012
Rette vedkommende: Kunnskapsministeren
Svart på: 16.03.2012 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Dei siste åra er det blitt dokumentert stadig dårlegare symjeferdigheit hjå norske ungdommar. På NRK TV, torsdag den 1/3-12, kunne Symjepresident Per Rune Eknes opplyse at dette også gav dystre utslag for dei som var innkalla til sesjon i samband med førstegangsteneste. I 2001 opplyste 93,8 % av dei som var på sesjon at dei kunne symje medan tilsvarande tal i 2011 var redusert til 85,4 %.
Kan statsråden opplyse korleis tilsvarande tal og utvikling på dette området er i våre naboland Sverige, Finland og Danmark?

Grunngiving

Mykje tyder på at dårleg økonomi i mange kommunar har medført at symjetilbodet ikkje er så godt som det burde vore. Noreg er eit land med lang kystlinje, mange elver og mange vatn. Ei slik utvikling som vi ser her er derfor svært uheldig og kan medføre at liv går tapt. Det er i denne forbindelse interessant å sjå om denne utviklinga også gjeld vore naboland eller om dette er ei særnorsk utvikling.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Eg viser til spørsmål frå representanten Gjermund Hagesæter om symjedugleikar til norske ungdommar.
Sidan denne regjeringa overtok hausten 2005 og fram til 2011 er kommuneøkonomien styrka med 47 milliardar. Kvart år har Regjeringa og lagt til rette for at kommunane kan nytte rentekompensasjonsordninga for skulebygg, og til symjehallar som blir nytta i symjeopplæringa. Idretten kan og nytte tippemidlane til symjeanlegg, men kommunane må prioritere å fylle vatn i bassenga og halde hallane opne. Ei undersøking frå Kulturdepartementet visar at vi er på rett veg. Frå 2006 og fram til i dag er det registrert at 100 anlegg er opna etter å ha vore stengd, medan det er opna 23 nye symjeanlegg.
Læreplanen for kunnskapsløftet har kompetansemål knytt til symjing i kroppsøving på 4. 7. og 10. årssteg.

Eleven skal …
etter 4. årssteget.
- vere trygg i vatn og vere symjedyktig
- ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane

etter 7. årssteget
- utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn

etter 10. årssteget
- symje på magen og på ryggen og dukke
- forklare og utføre livberging i vatn og livbergande førstehjelp

Kunnskapsdepartementet fører ikkje statistikk over elevane sine ulike dugleikar i kroppsøving, heller ikkje symjedugleikar. Statistikken som vart presentert på NRK kjem frå forsvaret og deira registrering av symjedugleiken til rekruttane. Kunnskapsdepartementet kjenner ikkje til om det finst statistikk frå dei andre nordiske landa som det er mogleg å samanlikne med.
Noregs symjeforbund sa i bladet ”Utdanning” i 2009 om symjedugleikane til tiåringane i dei nordiske landa: På Island kan 99 prosent symje 200 meter, i Sverige 97 prosent, i Danmark 70 prosent, medan i Noreg kan om lag 50 prosent av tiåringane symje 200 meter. Det er truleg både kulturelle og andre årsaker til desse skilnadene. Det svenske symjeforbundet oppgjer at symjing er ein av dei største idrettane i Sverige, målt i mengde utøvarar. Ei dansk undersøking frå 2007 syner at 38% av dei spurde meiner dårlege symjehallar er ei viktig årsak til at dei ikkje har lært å symje.
Eg deler representanten Gjermund Hagesæter si bekymring for symjedugleikane til norske barn. Difor tok eg i 2010 initiativet til ei kampanje i samarbeid med Noregs symjeforbund og Norsk livredningsselskap for å skape merksemd om kor viktig det er med gode symjedugleikar. Utdanningsdirektoratet vil følje opp denne kampanjen med ei spørjeundersøking til eit utval skoleleiarar våren 2012.