Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1002 (2011-2012)
Innlevert: 07.03.2012
Sendt: 08.03.2012
Svart på: 29.03.2012 av justis- og beredskapsminister Grete Faremo

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Den 20. juni 2010 sende politimeisteren i Sogn og Fjordane brev til Politidirektoratet med framlegg om å slå saman Sogndal og Leikanger lensmannsdistrikt. Avgjerda var teken i samråd med dei to lensmennene og arbeidstakarorganisasjonane. Leikanger kommune har støtta framlegget. Saka vart sendt departementet 3.august 2010. Dette spørsmålet vart teke opp i spørjetimen 1. juni 2011 av underteikna, og då svara justisministeren at ei avklaring er like om hjørne.
Når kjem denne avklaringa og kva blir svaret?

Grunngiving

Denne saka har lege til handsaming i departementet i eit og eit halvt år. Når ein veit at dette er ei enkel og kurrant sak det alle er samde om konklusjonane er det svært merkeleg at det har teke så lang tid. Ut frå svaret til dåverande justisminister skulle ein tru at avgjerda ville føreligge i løpet av få dagar.
Ein har forståing for at etter 22. juli 2011 vart det meste vart sett på vent ei tid. No er det snart gått eit år etter at statsråden lova svar, og det er alt for lenge i ei så enkel sak.
Statsråden viste i svaret i spørjetimen til at organiseringa av politi- og lensmannsetaten ville vere ein viktig del av stortingsmeldinga om resultatreforma og vidareutvikling av politi- og lensmannsetaten men at forslag som var basert på lokal semje kunne bli sakshandsama og lagde fram for Kongen i statsråd.
Denne saka er ei enkel sak om grensejustering og samanslåing av lensmannsdistrikt der alle partar er samde om konklusjonen. Den må derfor ligge godt til rette for omgåande handsaming.
Sogn og Fjordane har svært låg politidekning og politimeisteren gjer slike grep for å styrke bemanninga. Det er også på denne bakgrunn svært underleg at politimeisteren ikkje får svar.

Grete Faremo (A)

Svar

Grete Faremo: Vi tar sikte på å fremme dette forslaget innan kort tid.