Skriftleg spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1161 (2011-2012)
Innlevert: 29.03.2012
Sendt: 30.03.2012
Svart på: 12.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Vil den nye miljøvernministeren følge opp lovnader om nærmare dialog med rovviltnemndene?

Grunngiving

Gjennom MDs overstyring av vedtak i rovviltnemndene og nye vedtak om betydelig reduksjonar i uttak av ulike rovdyr, framkom det kraftige reaksjonar frå dei berørte nemnder og frå politiske miljø. Med bakgrunn i rovdyrforliket så skulle nemndene overta forvalteransvaret i dei områda der bestandsmålet var nådd. Likevel valte MD å overprøve nemndene og det ble etterlyst en dialog mellom statsråd og nemndene gjennom snarlege møter.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Rovviltforliket av 2011 er eit historisk forlik der alle partia på Stortinget for første gong er einige om at vi skal sikre overleving av jerv, gaupe, ulv, bjørn og kongeørn i norsk natur. Eg vil i mitt arbeid følgje opp alle punkta som vart vedtekne i rovviltforliket. Rovviltnemndene har myndigheit til å fatte vedtak i første instans. Ein eventuell klage avgjerast av Miljøverndepartementet. Dette er i tråd med forskrift av 18.03.2005 nr 242 om forvaltning av rovvilt (rovviltforskrifta) og var difor og praktisert før dette forliket. I tråd med forvaltningslova, er det i alle klagesaker Miljøverndepartementets ansvar at klagebehandlinga er reell og tek vare på bestandsmåla satt av Stortinget.
Tidlegare miljøvernminister, Erik Solheim, heldt eit møte med nemndsledarane 22. mars i år. I tillegg er det halde oppstartsmøter med alle dei nye regionale rovviltnemndene. Eg vil i det vidare arbeidet leggje vekt på at kontakten mellom alle organa i rovviltforvaltninga er god.