Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1242 (2011-2012)
Innlevert: 18.04.2012
Sendt: 18.04.2012
Svart på: 24.04.2012 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Orkanen "Dagmar" gjorde store skadar på Nordvestlandet natta til 1. juledag 2011. På kysten vart det fleire stadar også gjort skadar på kaianlegg og andre installasjonar som Kystverket eig. Det har no gått nokre månader sidan "Dagmar" gjorde seg ferdig med sine herjingar, og det er viktig både å ha oversikt over skadeomfanget, og ikkje minst ein plan for korleis skadane skal utbetrast.
Har statsråden og departementet oversikt over kva skadar som har kome, og når vil desse skadane bli reparerte?

Grunngiving

Ved akutte skadesituasjonar er det viktig at det er gode prosedyrar for kartlegging og reparasjon av skadar. Dersom det ikkje blir gjort tiltak for å reparere denne typar skadar så vil dei forverre seg, og kanskje til og med øydelegge installasjonen. Det vil derfor vere viktig å reparere desse skadane før hausten kjem, og sjansane for nye skadar aukar.
For dei som bur i desse områda er det også trasig å vere vitne til at viktige installasjonar blir øydelagde på same tid som heilt naudsynt reparasjonsarbeid dreg ut i tid.
Grunnlaget for dette spørsmålet er fleirdelt. Har departementet tilstrekkeleg oversikt over skadane, er det budsjettmidlar til å ta seg av slike uføresette utgifter, og er det løyvingsprosedyrar som gjer at reparasjonsarbeidet kan utførast i god tid før neste "orkansesong".

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Kystverket starta kort tid etter stormane ”Berit” og ”Dagmar” i vinter med å kartleggja skadane på Kystverket sin infrastruktur. Dette var viktig for mellom anna å raskt kunne sende ut meldingar til sjøfarande om eventuelle skadar på navigasjonsinstallasjonar. Ei tidleg oversikt er også viktig for raskt å kunne setje i verk naudsynte hastereparasjonar eller provisoriske tiltak for å avverje ytterlegare skadar.
Kystverket har difor for ei tid tilbake skaffa seg oversikt over dei stormskadane som oppstod i vinter og etaten har vurdert når skadane kan reparerast. Mange av skadane vil bli utbetra i 2012, medan nokre vil bli utbetra i 2013. Når det gjeld skadar på navigasjonsinstallasjonar, prioriterer Kystverket reparasjon av installasjonar som er viktige for sjøtryggleiken. Prioriteringa av andre reparasjonar av navigasjonsinstallasjonar vert vurderte i samanheng med det vanlege, planlagde vedlikehaldsarbeidet på slike installasjonar. Når det gjeld reparasjonar av moloskadar, må desse lysast ut på anbod. Kystverket har starta anbodsutlysing.
Når det gjeld følgjene for budsjettet, må regjeringa kome tilbake til Stortinget om dette i dei ordinære budsjettprosessane. Det første naturlege høvet er i revidert nasjonalbudsjett for 2012.