Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1370 (2011-2012)
Innlevert: 10.05.2012
Sendt: 10.05.2012
Svart på: 22.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Sist beitesesong opplevde bøndene i områda mellom Luster og Lærdal store tap av lam på grunn av jerv. Enkelte bønder hadde tap på opp til 20 % av dei lamma som vart sende på beite. Desse områda er prioriterte beiteområde, og ifølgje rovviltforliket skal potensielle skadegjerarar takast ut. Det er registrert jerv i dette området, og all erfaring og dokumentert kunnskap viser at desse dyra ikkje vandrar ut av området.
Kva vil statsråden gjere for å hindre ein ny dramatisk skadesommar i dei beiteprioriterte områda i Sogn?

Grunngiving

Rovviltforliket slår fast at i prioriterte beiteområder skal potensielle skadegjerarar takast ut. I Indre Sogn er jerven eit stort problem for beitenæringa. I området mellom Luster, Årdal og Lærdal har SNO denne vinteren gjort stadige sporregistreringar av minst to dyr. Ei tispe og ein hann er registrert i området ved hjelp av DNA analyser. I tillegg er det truleg DNA materiale frå ei anna tispe som ennå ikkje er analysert. Totalt er det så langt dokumentert ved DNA analyser to hannar og to tisper i Indre Sogn denne vinteren. SNO har teke ut 1 hann i Årdal samt ein hann og ei tispe med to kvelpar i Luster. Uttaket vart stoppa av DN på tross av at det framleis er dokumentert at det er fleire jervar i desse områda. All erfaring viser at dette vil føre til store tap på beite.
Sogn og Fjordane Bondelag sende brev til DN 03.05.2012 der dei krev uttak av fleire jervar. Det er svært viktig at det blir sett i verk tiltak før beitesesongen startar.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Det er ei klar målsetjing at tap av sau til rovdyr skal reduserast. Til tross for ei positiv utvikling i tapsstatistikken dei siste åra arbeidar forvaltninga kontinuerleg for ytterlegare å redusere tal på sau som blir tatt. Målretta tiltak er viktig i arbeidet med å førebyggje skader. Som Stortinget har sagt i rovviltforliket skal det ikkje vere rovdyr som representerer eit skadepotensial i prioriterte beiteområde. Alt uttak av rovvilt skal samstundes vurderast etter naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen, noko som blant anna inneber at skadepotensial, rovviltbestandas overleving og mogligheita for å finne andre tilfredsstillande løysingar skal vurderast. Dette inneber at nærvær av rovvilt i eit område ikkje i seg sjølv er eit tilstrekkeleg grunnlag for løyve til uttak, og ein må gjere ein konkret vurdering av den einskilde situasjon.
Som Stortinget har sagt i rovviltforliket skal det framleis vere ei målsetjing om at lisensfelling skal vere hovudvirkemiddel i bestandsreguleringa. Det er rovviltnemnda som sett kvote for lisensfelling av jerv i region 1. Diverre vart det ikkje felt jerv i denne regionen under lisensfellingsperioden. Det er Direktoratet for naturforvaltning som har myndigheit til å fatte vedtak utanom lisensfellingsperioden. Dei fatta difor vedtak om ekstraordinære uttak i dei prioriterte beiteområda i Sogn og Fjordane. Direktoratet har gjort vurderingar og prioriteringar av område og tal på jerv som kan fellast. Ved bruk av DNA analyser vart det registrert totalt fire individ av jerv i denne regionen sist vinter. Førebels er det no tekne ut to hannar i Luster og Årdal, samt ei tispe med to kvalpar ved hiuttak i Luster, til saman 5 jerv.
Det har ikkje verte stoppa noe uttak i området, slik representant Lødemel visar til i grunngjevinga for spørsmålet, men det er per i dag ikkje fatta ytterlegare vedtak om felling av jerv i Indre Sogn. Statens naturoppsyn arbeidar framleis med bestandsregistreringar i området, og resultat frå dette arbeidet vil liggje til grunn for å vurdere om ytterlegare forsøk på uttak skal settes i verk.
Når det gjeld søknaden frå Sogn og Fjordane beitelag ligg denne framleis til vurdering i Direktoratet for naturforvaltning. Eg vil difor ikkje kommentera den konkrete saken nærare.