Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1725 (2011-2012)
Innlevert: 03.08.2012
Sendt: 03.08.2012
Svart på: 09.08.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Mangelen på små bustader i Norge er i dag stor og dette pressar prisane dramatisk opp mange stader. Spesielt for studentar i dei største byane er situasjonen dramatisk. I media er det blitt kjent at to studentar ved UiS i lang tid har arbeid med å utvikle ein containerhybel på 28,5 kvm. UiS har nylig søkt Stavanger kommune om løyve til å setje opp 6 slike bueiningar på universitetsområdet.
Vil kommunalministeren leggje til rette for at slike bueinigar kan bli tatt i bruk både ved UiS og andre stader i landet?

Grunngiving

I studentbyen Keetwonen i Amsterdam har slike Containerhyblar vore i bruk i lang tid. 1 000 studentar har husly i containerbyen, som blei satt opp som ei rask løysning på bustadkrisa for studentar i den nederlandske hovudstaden.
Containerane er blant dei mest populære studenthyblane i hele Amsterdam - ein by med over 150 000 studentar. Akkurat no er det over 2 års ventetid for å få hybel her.
Totalkostnaden for bygging, innreiing og montering av ein containerhybel er om lag 200 000 kroner i Nederland. Til samanlikning er kostnadsramma for ein vanleg studenthybel i Norge 700 000 kroner. Truleg vil ein containerhybel ferdigmontert i Norge, mellom anna grunna særnorske krav koste 50 til 100 % meir enn i Nederland. Containerhyblane som dei to norske studentanene ved UiS har utvikla er det mellom anna tatt hensyn til universell utforming og TEK 10.
Ein av fordelane med containerane er at det tar svært kort tid å lage ein heil studentby.
- Det er veldig kort tid mellom idé og realisering. Når ein først har signert leveringskontrakten, kan ein by som dette konstruerast i løpet av eit halvt år, fortel Wim de Waard, rådgivar i studentsamskipnaden De Key, som driv Keetwonen. (Sitatet er henta frå www.TV2.no).

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Det er ei viktig sak å auke talet på studenthyblar. Studentane er ei stor gruppe som etterspør små bustader i pressområde, og er slik med på å presse prisane opp.
Mange studentar som nyleg har fått svar om at dei kan starte eit studie har trong for bustad raskt. Eg finn difor framlegget om konteinarhyblar interessant. Samstundes er det viktig å tenkje på at også desse bygga vil prege nabolaget, og at dei vil ha trong for infrastruktur der dei ligg.
Så framt plasseringa av konteinarhyblane ikkje er i strid med plan, og dei fyller krava i TEK10, er det ikkje noko i plan- og bygningslova elles som er til hinder for konteinarhyblar. Plan- og bygningslova er ei ja-lov, slik at det må liggje føre ein konkret heimel for å nekte eit tiltak. Det inneber at søkjaren, her UiS, kan ha krav på å få innvilga søknaden sin dersom konteinarhyblane er i samsvar med regelverket. Dersom det er naudsynt vil det vere mogleg å søkje om dispensasjon frå både plan og byggteknisk forskrift. Men det vil vere opp til kommunen å avgjere om det foreligg grunnlag for å innvilge dispensasjon. Det kan også vere verdt å nemne at dersom konteinarhyblane berre skal stå i 2 år, kan tiltakshavaren sjølv stå for søknaden og alt øvrig arbeid. I slike tilfeller er det etter plan- og bygningslova ikkje krav om at det må nyttast ansvarlege føretak.
Når det gjeld den aktuelle søknaden til Stavanger kommune om løyve til å setje opp seks bueiningar, ber eg om forståing for at eg ikkje kan gripe inn i ein konkret byggjesak. Det er kommunane som har ansvaret for å handsame sakar etter plan- og bygningslova, og dette er viktig å respektere.