Skriftleg spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1931 (2011-2012)
Innlevert: 14.09.2012
Sendt: 17.09.2012
Svart på: 21.09.2012 av samferdselsminister Marit Arnstad

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Innbyggjarane i Fedje kommune er avhengig av eit tilfredsstillande rutetilbud på det fylkeskommunale ferjesambandet Fedje - Sævrøy for å m.a. kunne jobbe skift på Statoil-Mongstad. I dag går siste ferje til Fedje kl. 2155 medan kveldsskiftet på Statoil-Mongstad sluttar kl. 2300. Derfor er det eit sterkt ønskje om å få utvida rutetilbudet til også å omfatte ein ferjeavgang ca kl. 2330.
Vil statsråden vurdere å leggje inn øyremerka midlar i Statsbudsjettet 2013 slik at eit slikt tilbod kan realiserast?

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Ferjesambandet Fedje – Sævrøy vart nedklassifisert frå riksvegferjesamband til fylkesvegferjesamband i samband med gjennomføring av forvaltingsreforma 1. januar 2010. Hordaland fylkeskommune kjøper ferjetenester på sambandet i dag, og fylkeskommunen avgjer tilbodet i sambandet ut frå sine prioriteringar og lokale forhold.
Det er ikkje aktuelt for staten å kjøpa enkeltavgangar på fylkesvegferjesamband.