Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:199 (2012-2013)
Innlevert: 31.10.2012
Sendt: 31.10.2012
Svart på: 07.11.2012 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): STX Norway Florø står framføre ei svært spennande utvikling innan riggservice. Verftet har alle føresetnader for å bli eit viktig verft på dette området. Utdjupinga av innseglinga til Florø er tidskritisk når det gjeld å kome i posisjon til oppdrag. Det må gjennomførast i 2013. Planane om utdjupung til 16 meter er klare. Kystverket har kapasitet til å starte opp, men prosjektet er ikkje med i NTP for 2010-2019.
Kva vil statsråden gjere for å framskunde arbeidet med utdjuping av innseglinga til Florø?

Grunngiving

Florø har ein av dei fem maritime industriinkubatorane som vart etablert i 2010 som ein del av verftspakken til regjeringa. Verftet STX Norway Florø er morselskap for inkubatoren som er organisert gjennom Fram Flora AS. Andre partnara og medeigarar er Saga Fjordbase, Statoil, GDF SUEZ, bankar og Flora Industri- og Næringsforeining. Eit viktig satsingsområde for STX Norway Florø er service, reparasjon og ombygging av flytande riggar. Verftet og samarbeidspartnarane i industriinkubatoren er i gang med prosjektet Riggservice Florø, der underleverandørane har ein sentral plass. Prosjektet har som første mål å prekvalifisere STX Norway Florø til å ta på seg komplette riggoppdrag saman med ei rekke lokale leverandørar.
Riggoppdrag i Florø vil gje svært store ringverknader for mange verksemder både lokalt og regionalt. Dette har ein erfaringar med frå tidlegare. Ein vil også få vesentlege ringverknader innan tenesteyting, kommunikasjon, transport og detaljhandel samt offentleg tenesteproduksjon, både frå sjølve riggane og oppdraga på desse, og frå følgefartøy til riggane.
Florø har svært godt utgangspunkt for å kunne tilby og konkurrere om oppdrag på flytande riggar. Om lag ein tredjedel av norsk oljeproduksjon skjer på sokkelen utanfor Sogn og Fjordane. Statoil og ei rekke andre lisenshavarar på denne delen av sokkelen har planar om ei vesentleg opptrapping av leite- og boreaktiviteten. Seglingsdistansen er kort frå alle desse felta til Florø, og Florø har kort innsegling frå ope hav, ca. 6-7 nautiske mil. Frå fleire felt på britisk sektor er det kortare segling til Florø enn til dømes til Aberdeen. Florø kan tilby fasilitetar med eit godt utrusta verft, god infrastruktur, gode kommunikasjonar med flyruter til Oslo, Bergen og Stavanger, og ikkje minst eit etablert og breitt leverandørnettverk for riggoppdrag både lokalt og regionalt. I vår vart det etablert ei Maritim Foreining Sogn og Fjordane som frå starten har 46 medlemsbedrifter og sysselset om lag 4 000 personar. Medlemsbedriftene vil også utgjere eit stort leverandørnettverk.
Vekstprognosane for maritime og offshoreretta bedrifter i Florø syner ein auke frå 2011 til 2018 på om lag 1800 arbeidsplassar. Realisering av planane om satsing på rigg vil i periodar sysselsette meir enn 1000 personar hos STX og deira underleverandørar. I tillegg kjem ringverknadane både lokalt og regionalt, som også vil bli store.
STX Norway Florø har konkrete planar om utviding av kaiene sine slik at verftet kan ta i mot fleire riggar på same tid, og utdjuping av hovudkaia til minimum 20 meter innan 2013. Dei totale investeringane innan riggsatsing vil vere i størrelseorden 50-70 millionar kroner. Kystverket sine planar og avgjerder når det gjeld djupne på innseglinga til Florø vil vere avgjerande for å realisere desse planane.
Riggmarknaden er styrt av 5 og 10 års klassingar. I 2013 er det berre 4 riggar som har sertifikat som treng fornying/klassing, 3 av desse har allereie valt verft. I 2014 er det 13 riggar som skal til klassing. I tillegg kjem det relativt mange nybygg frå verft i Austen som skal til verft i Norge til godkjenning. Der er berre 3 verft som har spesialisert seg på denne typen oppdrag i Norge, og fleire posisjonerer seg i denne marknaden. Florø har sjansen til å bli verft nummer 4 og ein slik posisjon må oppnåast i 2013. Om ein ikkje greier dette vil Sogn og Fjordane mest truleg miste nok ei spennande og framtidsretta industrimogelegheit.
Den usikkerheita som knyter seg til oppstart på utdjupinga av innseglinga til Florø gjennom rulleringa av NTP er såleis svært skadeleg for dei planane STX Norway ønskjer å gjennomføre. Det er avgjerande at statsråden omgåande tek tak i dei utfordringane innseglinga til Florø skapar for STX Norway Florø og legg til rette for ei omfattande satsing i Florø.

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Tiltaket er ikkje med i NTP 2010-2019, og med bakgrunn i dette er det ikkje sett av budsjettmidlar til tiltaket for 2013. Tiltaket er heller ikkje teke med i forslaget frå Kystverket til NTP 2014 - 2023.
Det er rett at Kystverket har utarbeidd forprosjekt for tiltaket i nært samarbeid med brukarane, og dei har avklart grunnlaget for det vidare planleggings- og prosjekteringsarbeidet. Forprosjektet har teke utgangspunkt i ei utdjuping til minus 16 meter, og ei førebels kostnadsvurdering viser at tiltaket har ei kostnadsramme på ca. 38 mill kr.
I Kystverket sitt forslag til prosjekter er innseglinga til Florø ikkje med, verken i første eller andre planperiode. Eg kan heller ikkje sjå at fylkestinget har uttalt seg om dette prosjektet.
Etter at planforslaget vart lagt fram har Kystverket orientert departementet om at utdjuping av innseglinga til Florø er eit viktig prosjekt for Sogn og Fjordane. I samband med framlegginga av stortingsmeldinga om Nasjonal Transportplan 2014-2023 vil eg difor vurdere dette prosjektet opp mot det andre prosjekta som Kystverket har lagt fram.