Skriftleg spørsmål fra Christian Tybring-Gjedde (FrP) til kulturministeren

Dokument nr. 15:381 (2012-2013)
Innlevert: 03.12.2012
Sendt: 04.12.2012
Svart på: 10.12.2012 av kulturminister Hadia Tajik

Christian Tybring-Gjedde (FrP)

Spørsmål

Christian Tybring-Gjedde (FrP): I de senere årene er det vært diskutert flittig i ulike medier om hva norsk kultur inneholder og innebærer.
Kulturministeren er landets øverste ansvarlig for kultur, og jeg ønsker derfor å vite hvordan statsråden definerer norsk kultur og hvilken grad hun mener det er viktig for landet å verne om og beskytte vårt lands kultur og tradisjoner?

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Eg legg til grunn at representanten Tybring-Gjedde eigenleg meiner at kulturministeren er ansvarleg for kulturpolitikken i regjeringa. Så vidt eg veit, har ingen kulturminister nokon gong vore ansvarleg for alt som kan kallast kultur i dette landet. Ulike delar av kulturfeltet som politikkområde høyrer dessutan inn under andre departement; som døme nemner eg kulturminneforvaltninga som er eit ansvar for miljøvernministeren og kulturskulane som kunnskapsministeren har ansvar for. Båe dei nemnde områda høyrer inn under kulturomgrepet, sjølv om dei ikkje ligg inn under Kulturdepartementet.
Med den presiseringa som er nemnd ovanfor, kan eg seia noko om kva som ligg i kulturomgrepet slik det vert brukt i kulturpolitisk samanheng. I kulturlova er det kulturpolitiske feltet omtalt som «kulturverksemd». Dette omgrepet er i sin tur definert på følgjande måte:
«Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å
a) skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,
b) verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,
c) delta i kulturaktivitet,
d) utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.»
Eit sentralt punkt i denne samanhengen er å finna i føremålsparagrafen i kulturlova som seier at målet med kulturpolitikken er å leggja til rette for at «alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk».
Det er dette mangfaldet av kulturuttrykk som eksisterer til kvar tid, som kan seiast å utgjera norsk kultur i kulturpolitisk meining.
Norsk kultur har alltid vore i endring. Til dømes er språket representanten har forfatta spørsmålet sitt på, påverka av mellom anna latin, gresk og tysk. I ei nyleg utkomen bok har Helge Sandøy og Jan-Ola Östman rekna ut at heile 44 % av ordstammane i Nynorskordboka er importerte. Som ein kuriositet kan eg nemna at det vanlege norske ordet ”alkohol” kjem frå arabisk.
Men norsk kultur har òg endra seg på måtar som har meir å seia for den praktiske kvardagen for nordmenn. Camilla Collett fanga essensen av si tid i boka ”Amtmannens døtre” på midten av 1800-talet, der ei kvinne anten var sin fars dotter eller sin manns kone. I dag er Noreg meir likestilt, kvinner har fleire moglegheiter no enn på noko anna tidspunkt i vår historie; av di norsk kultur har endra seg; av di norske damer sjølv og med støtte frå ein grenseoverskridande likestillingskamp har endra samfunnet. Hadde me gjort slik representanten skriv, ”vernet om” og ”beskyttet” denne delen av ”vårt lands kultur”, hadde me aldri oppnådd slike framsteg.
Boka til Collett er like fullt ein del av vår kulturarv, det er eit skjønnlitterært avtrykk av si tid. Ei viktig oppgåve for ein kulturminister er å sikra at slike avtrykk kjem til sin rett òg i vår samtid. Då treng me institusjonar som mellom anna Nasjonalbiblioteket og folkebiblioteka, eller arkiva og musea som kan ta vare på, men òg formidla og gjera arven vår tilgjengeleg. Slik hugsar me kvar me kom frå. Slike avtrykk må me verna og ta vare på.
Somme tradisjonar og kulturuttrykk som i tidlegare tider har vore å finna innanfor eit større kulturområde, kan no framstå som eineståande for landet vårt, med di dei i større eller mindre grad har vorte borte andre stader, eller dei har fått ei særnorsk form som skil dei frå liknande uttrykk andre stader. I slike tilfelle vert det særleg viktig for Noreg å halda i hevd og vidareføra desse kulturelementa. Å ta godt vare på stavkyrkjene våre, eller å vidareføra dei handverksdugleikane som skal til for å byggja hardingfeler, klinkbygde båtar eller grindbygde hus, vil i denne samanhengen vera viktige døme.
Arven vår er pluralistisk, men tufta på erfaring opplever me ein del uttrykk, fenomen eller ytringar som meir rotfesta og norske enn andre. For kulturpolitikken er dette eit viktig omsyn og utgangspunkt.
Ein offentleg politikk for å ta vare på og vidareutvikla kulturen vår krev – som på alle andre politikkområde – ressursar, noko den raudgrøne regjeringa har vist vilje til å prioritera kvart einaste budsjettår. Dette står i motsetnad til Framstegspartiet, som til dømes i sitt alternative budsjettframlegg for 2013 har gjort framlegg om å redusera dei statlege løyvingane til kulturføremål med 1,5 mrd. kroner; av denne nedskjeringa knyter meir enn ¼ mrd. seg til kulturverntiltak innanfor områda museum, arkiv, bibliotek og språk.
Norsk kulturpolitikk har gjennom alle år vore prega av tiltak som dels tek verneomsyn overfor det samla kulturfeltet, og dels fremjar det nyskapande og eksperimenterande, spesielt innanfor kunstområdet. Dette er ei balansert tilnærming som har vore eit kjennemerke for norsk kulturpolitikk uavhengig av politisk farge på regjeringane.
Representanten viser sjølv til den offentlege debatten om kva ’norsk kultur’ er i spørsmålet sitt. Eg har lese innspela hans i den debatten med interesse. Representanten har mellom anna sagt at ”Norsk kultur vil bli stadig mer marginalisert” (Aftenposten, 25.08.10). Det er eg ikkje samd i. I det heile har eg vesentleg større tru på det norske si evne til å møta framtida enn representanten Tybring-Gjedde gjev uttrykk for. Men eg takkar for spørsmålet, av di eg meiner det er eit viktig tema å drøfta.