Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:390 (2012-2013)
Innlevert: 03.12.2012
Sendt: 04.12.2012
Svart på: 19.12.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Den 27.11.2012 starta Statnett graving over elva Nausta i Naustdal kommune for å legge ei 132 kW kraftlinja i kabel. Elva Nausta er del av eit verna vassdrag, og ei av landets beste lakseelvar. Grunneigaren har kravd kjerneboring under elva for å få gjennom kabelen. Statnett har heile tida vore kjend med dette kravet frå grunneigaren. Likevel starta Statnett gravinga ei veke før klagefristen gjekk ut.
Kva slag utgreiingar er gjort før gravinga starta, og kvifor vart arbeidet starta opp før klagefristen var ute?

Grunngiving

Statnett sine planar for den nye 420 kW linja gjennom Naustdal har vore svært omstridd. Det har vore sterk motstand mot å legge linja gjennom dei sentrale delane av kommunen. Kommunestyret ville i utgangspunktet at den nye 420 kW linja mellom Ørskog og Sogndal skulle leggast i sjøkabel. Kommunestyret var delt i synet på om linja skulle gå over dalen ved Grimseth eller den skulle gå lenger oppe i Naustedalen. Både NVE og OED godkjende konsesjon for traseen ved Grimseth.
Grunneigarane på Grimseth har vore svært kritiske til at den nye 420 kW linja skulle kome over deira eigedom. Heile prosessen med den nye 420 kW linja har vore ei stor belastning for mange.
132 kW linja som det her er snakk om går i same traseen som den nye 420 kW linja og grunneigaren på Grimseth har vore positiv til at denne skulle kablast. Det var eit absolutt krav at det skulle brukast styrt boring under elva for å få kabelen forbi elva. Dette kravet har vore kjent for Statnett heile tida.
Å kjernebore ei så kort strekning kan ikkje by på store problem. Det kan heller ikkje vere noko stor ekstrakostnad å gjere det. Det er derfor svært underleg at Statnett ikkje legg til rette for ei slik løysing når dei veit det er eit absolutt krav frå grunneigaren for å skåne elva.
Grunneigarane har gjennom mange år gjort ein stor innsats for å bevare ein livskraftig laksestamme i elva, og det som no skjer er etter deira syn svært øydeleggande.
Når Statnett startar arbeidet med graving over elva ei veke før klagefristen går ut er dette å sette klageretten til grunneigarane til side. Det er lett å forstå at grunneigarane på Grimseth føler dette som maktmisbruk. Når Statnett ikkje ventar til klagefristen er ute før dei startar opp gravinga, og i tillegg vel ei løysing som kan vere uheldig for elva, er det lett å sjå at det blir oppfatta som arroganse frå Statnett si side.

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Departementet har i vedtak av 21.desember 2011 for 420 kV kraftledningen Ørskog-Sogndal satt vilkår om at eksisterende 132 kV ledning Moskog – Grov skal kables ved kryssing av Nausta. Ledningen eies av SFE Nett AS. Statnett søkte NVE i mai 2012, på vegne av SFE Nett AS, om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse for kabling av en strekning på ca. 1600 meter. Statnett søkte primært om bruk av metoden ”styrt boring” ved kryssing av Nausta, sekundært om graving av kabelgrøft over elva dersom styrt boring ikke lot seg gjennomføre.
NVE sendte søknaden på høring til en rekke høringsparter. NVE ga 30. juli SFE Nett AS konsesjon og ekspropriasjonstillatelse til å kable ledningen over Nausta med vilkår om at Statnett måtte komme tilbake med ny plan for arbeidet dersom det ikke lot seg gjøre å krysse elva med boring. En eventuell overgraving av Nausta skulle gjøres i henhold til mottatte krav fra Fylkesmannen.
Statnett startet anleggsarbeidet med kabelanlegget i august med styrt boring, og forsøkte boring både på 7 og 4 meters dybde, men har ved begge forsøk møtt på fjell. Dette har medført at planlagt boring under elva ikke var mulig å gjennomføre.
I henhold til vilkår i NVEs konsesjon utarbeidet Statnett en ny plan for alternativet med graving over elva, som NVE mottok 1. november. Fylkesmannen uttalte seg deretter til planen, som ble godkjent av NVE 6. november. Statnett informerte grunneiere og Nausta Elveeigarlag om dette i brev 13. november.
Som vilkår for tillatelsen skal fylkesmannens krav følges om lav vannføring (< 15 m3/sek) for graving i elva, og om egnete tidsperioder for overgraving. De første ukene etter at planen var godkjent var vannføringen for høy til at arbeidene kunne settes i gang, men mot slutten av november begynte vannføringen å falle. For å utnytte den lave vannføringen ønsket Statnett å starte arbeidene 27. november. Siden klagefristen på NVEs godkjenning ikke var utløpt, krevde NVE at grunneierne og Nausta Elveeigarlag måtte kontaktes for å informeres om den planlagte oppstarten. Statnett tok kontakt med partene på telefon 26. november, og oppsummerte deretter samtalene i en e-post til hver enkelt. Anleggsarbeidene startet 27. november.
Alternativet med boring lot seg ikke gjennomføre. Samtidig var det viktig å få utført arbeidene innenfor de tidsperioder Fylkesmannen hadde satt krav om. Jeg forutsetter selvsagt at Statnett går fram på best mulig måte i slike hastesaker av hensyn til de som blir berørt.