Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:391 (2012-2013)
Innlevert: 03.12.2012
Sendt: 04.12.2012
Svart på: 09.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Elva Nausta er ein del av eit verna vassdrag i Naustdal kommune, og ei av landets beste lakseelvar. Gjennom vernevedtaket og vernestatusen er det strenge reglar for kva som kan gjerast i elva. Statnett har fått løyve til å grave over elva for å legge ei 132 kW kraftlinje i kabel. Sjølv om det er mogeleg å kjernebore under elva har Fylkesmannen gjeve løyve til å grave i elva.
Kva er grunngjevinga for at Fylkesmannen har godkjend graving i elva, og vil denne praksisen også gjelde for andre inngrep i elva?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg vil først vise til at det er Norges vassdrags- og energidirektorat som har konsesjonsbehandla denne saka. Som del av saksbehandlinga har Fylkesmannen i Sogn- og Fjordane avgitt ei miljøfagleg vurdering.
Fylkesmannen har vurdert to alternative metodar for kryssing av elva. Fylkesmannen la til grunn at det første alternativet, styrt boring under elvebotnen, ikkje ville få negative konsekvensar for fisken i vassdraget. Det andre alternativet var at kabelen blei lagt i grøft i elvebotnen. Fylkesmannen viste da til at det måtte tas fleire omsyn dersom denne metoden skulle bli brukt. Blant anna måtte eventuell graving skje på ein mest muleg skånsam måte og i tilstrekkeleg tid før gyteperioden. Under desse føresetnadane vurderte Fylkesmannen at det ville være forsvarleg å gjennomføre tiltaket ut frå omsynet til villaksen.