Skriftleg spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:486 (2012-2013)
Innlevert: 13.12.2012
Sendt: 13.12.2012
Svart på: 21.12.2012 av olje- og energiminister Ola Borten Moe

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Stortinget har tidligere anmodet regjeringen om å legge til rette for å få frem ytterligere prosjekter for CO2-håndtering, hvor teknologiutvikling, demonstrasjon og kvalifisering av norsk teknologi kan starte raskt.
Hvilke prosjekter av substansiell størrelse kan regjeringen vise til utover prosjekter på Mongstad?

Ola Borten Moe (Sp)

Svar

Ola Borten Moe: Regjeringa si målsetting er at Noreg skal vere eit føregangsland innan fangst og lagring av CO2. Betydelege ressursar blir difor nytta på prosjekta på Mongstad og på forsking og utvikling. Regjeringa har ein strategi for CO2-handtering som består av ei rekkje element. Strategien vart lagt fram i Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering.
Eit viktig element er Gassnova sitt utgreiingsarbeid der føremålet er å medverke til ei brei og oppdatert kartlegging av moglegheitsområdet for å realisere fullskala CO2-handtering ut over prosjektet på Mongstad. Dette utgreiingsarbeidet er i gang. Gassnovas utgreiing skal identifisere og analysere kva moglegheiter og utfordringar vi står overfor ved etablering av fullskala CO2-handtering.
Eg viser til merknad i Innst. 390 S (2011-2012) der det blir oppmoda om å avvente Gassnova si utgreiing før ein tek stilling til enkeltprosjekt. Utgreiinga tek utgangspunkt i eksisterande og moglege framtidige store punktutslepp av CO2 i Noreg og gjer ei brei kartleggjing av desse. Tekniske, kommersielle og finansielle sider vert vurdert samt moglegheiter for å gjennomføre eit slikt prosjekt. I den første fasen av denne studien er det lagt vekt på deltaking frå industrien og dei foreløpige resultata er basert på industrien sine eigne vurderingar . Eg ventar å få oversendt ein status for dette arbeidet i desse dagar. Utgreiinga er planlagt ferdig i 2014.