Skriftleg spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:1177 (2012-2013)
Innlevert: 16.04.2013
Sendt: 17.04.2013
Svart på: 24.04.2013 av nærings- og handelsminister Trond Giske

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Nettstaden Altinn leverer gode nettportaltenester til skattytarane. I den samanheng er det viktig at tilgangen på elektroniske skjema er på begge målformer - både nynorsk og bokmål.
Kva slags krav har departementet sett til språkleg jamstilling på nettportalen når det gjeld bruk av begge målformer?

Grunngiving

I samband med nettportalen Altinn sine sider for sjølvmelding 2012, kan brukarane velje kva slags målform dei ønskjer å bruke for å orientere seg fram på nettsidene. Brukarar som er lønstakarar eller pensjonistar, får utskrift av si sjølvmelding på den målform dei ønskjer. Når det gjeld sjølvmelding for næringsdrivande er dette også tilfelle heilt til ein skal ta utskrift av sjølve sjølvmeldinga. I den samanheng kjem utskrifta bare på bokmål og ikkje nynorsk slik brukaren har eit ønskje om. Mange næringsdrivande har eit klart ønskje om å få utskrift i den målforma dei til dagleg brukar. Næringsdrivande som brukar nynorsk, vil sjølvsagt både ha utskrifta på nynorsk og kunne levere alle skjema til skatteetaten på nynorsk.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Altinn-plattformen støttar presentasjon og utvikling av tenester på begge målformer (og engelsk). Brukarane kan velje å få Altinn-portalen presentert på den målforma dei sjølve ønskjer. Dette gjeld navigasjonsrammeverket, med menyar, hjelpetekstar, feilmeldingar, informasjonsportalen etc., og dei aller fleste skjema og tenester i Altinn finst også på både bokmål og nynorsk. Det er lagt ned eit stort arbeid for at Altinn skal vere eit fullgodt tilbod til nynorskbrukarane.
Ansvaret for skjema og tenester i Altinn ligg hos den enkelte tenesteeigaren. Det er etatane som deltek i Altinn-samarbeidet, som har ansvar for om deira skjema og tenester støttar mållova. Altinn-forvaltninga i Brønnøysund har lagt til rette for og oppmodar om at alle skjema og tenester skal finnast på begge målformer. I det tilfellet som spørsmålet viser til, er det Skatteetaten som har ansvaret for sine skjema.
Skatteetaten opplyser at dei har lagt stor vekt på å tilby likningsskjemaa på begge målformer, og brukarar som ønskjer det, kan levere sjølvmeldinga på nynorsk. Det siste året har etaten gjort eit omfattande arbeid med å overføre over 50 likningsskjema frå den 10 år gamle Altinn-plattforma til den nye Altinn II-plattforma. Tidlegare har utskrift av skjema frå Altinn vore basert på papirversjonen. Ved overgongen til Altinn II-plattforma vart oppbygginga av sjølvmeldinga for aksjeselskap (RF -1028) og tilhøyrande næringsoppgåve (RF- 1167) endra slik at papirutskriftene av desse to skjemaa frå web kom på om lag 24 sider. Skatteetaten hadde laga skjemaa på begge målformer. Organisasjonar som Revisorforbundet og NARF reagerte på at papirutskriftene vart for lange. For å kome desse brukarane i møte, valde Skatteetaten å tilby desse to skjemaa på bokmål i år slik at utskrifta vart på berre fire sider. På grunn av knapp tid, ville alternativet med skjemaa på begge målformer i dette tilfellet blitt ei løysing bransjen ikkje ønskte. Neste år vil sjølvmeldinga for næringsdrivande vere tilgjengeleg på begge målformer, og med ei papirutskrift som ønskt.