Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1232 (2012-2013)
Innlevert: 24.04.2013
Sendt: 25.04.2013
Svart på: 08.05.2013 av samferdselsminister Marit Arnstad

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I ei nettsak på NRK Sogn og Fjordane 11.03.2013 blir det vist til at ein rapport Nordfjordkryssing AS har bestilt frå Samfunns- og næringsforsking med Victor Normann konkluderer med at den årlege gevinsten av E39 over Lote-Anda blir 350 millionar kroner. Det blir også vist til at indre løysing over Stryn gjev ein verdi på 234 millionar kroner pr. år. Dersom denne rapporten blir brukt som grunnlagsmateriale for val av trasé i Nordfjord er det viktig at heile rapporten blir offentliggjort.
Vil statsråden sørgje for at det skjer?

Grunngiving

Saka om traséval for E39 i Nordfjord har skapt mykje strid blant naboar og kommunar i Nordfjord. Det skulle kome avgjerd i denne saka i månadsskiftet januar/februar, og det skulle kome avgjerd i samband med framlegginga av NTP. Framleis ventar ein på svar frå regjeringa.
Dei aller fleste høyringsuttalane peikar på indre trasé med bru-kryssing i Stryn som den beste løysinga. Fagetaten, Statens vegvesen, går også inn for indre trasé. Ein ny rapport som SINTEFF har laga for Vegdirektoratet konkluderer også med at indre tras\e har størst samfunnsnytte. Denne rapporten nyttar dei nyaste parameter for utrekning av samfunnsnytte med analyseperiode på 40 år og 4 % rente.
Det er viktig at det grunnlagsmateriale som departementet skal nytte til å ta avgjerd i trasevalet er tilgjengelege for alle. Derfor er det viktig at rapporten som Victor Normann har laga for Nordfjordkryssing AS også blir offentliggjort dersom departementet nyttar den i sine vurderingar.
Opplysningar som er av interesse er til dømes kva slag trafikk- og pendlingsmønster rapporten legg til grunn for sine konklusjonar ved dei ulike bruløysingane, kva ferjefrekvens over Lote-Anda rapporten legg til grunn dersom det blir bru i indre, og kva rapporten seier om byggestart for bruene ved val av midtre eller indre løysing.
Dette er nokre døme på spørsmål som er viktige å få svar på dersom departementet nyttar denne rapporten som ein del av sitt avgjerdsgrunnlag.

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: Samferdselsdepartementet si behandling av KVU/KS1-saker baserer seg i all hovudsak på offentleg tilgjengelege dokument. Dei viktigaste dokumenta i slike saker er konseptvalutgreiinga (KVU), den lokale høyringa og den eksterne kvalitetssikrarrapporten (KS1). Departementet mottar i tillegg ei rekkje råd og innspel frå ulike aktørar. Desse blir og vurdert ut frå om dei tilfører saka noko nytt. Når det gjeld den aktuelle rapporten, viser vi til at Samferdselsdepartementet ikkje er oppdragsgjevar for denne. Departementet er ikkje kjent med om rapporten er ferdig. Oppmodinga om offentleggjering av rapporten bør rettast til Nordfjordkryssing AS som oppdragsgjevar.