Skriftleg spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til finansministeren

Dokument nr. 15:1293 (2012-2013)
Innlevert: 08.05.2013
Sendt: 08.05.2013
Svart på: 16.05.2013 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Fram til våren 2011 var det 4 tilsette ved Tollvesenet sin kontroll- og ekspedisjonseining i Måløy i Sogn og Fjordane. No er det 2 tilsette, og det blir berre 1 tilsett frå 1.juli.
Kva skuldast denne ned-bemanninga, og kva vil skje med dette kontoret framover?

Grunngiving

I Sogn og Fjordane er det lange reiseavstandar og mange ferjer. Det gjer at det er utfordrande for Tollvesenet å gjennomføre kontrollar og god kontrollfrekvens. Eininga i Måløy har ansvaret for kontroll og ekspedisjon i Sogn og Fjordane, og dei næraste Tollstasjonane er i Bergen og i Ålesund.
Eininga i Måløy utfører kontroll av kjøretøy og fartøy i nært samarbeid med andre offentlige etatar. Hamna i Måløy er også Schengen-hamn med det ansvaret det medfører. Eininga i Måløy har også ansvaret for cruisetrafikken i Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden. Det betyr blant anna at eininga har ansvaret for cruisetrafikken til og frå Olden, som er ein viktig destinasjon i Nordfjord. Reisetida mellom Bergen og Måløy er 5 timar og 30 minutt, og mellom Ålesund og Måløy er den 3 timar.
På grunn av redusert bemanning har det vore sterk reduksjon i talet på kontrollar, og det er ei svært uheldig utvikling.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: Ved omorganiseringa frå 1. januar 2004 av ytre etat i Toll- og avgiftsetaten blei Måløy tollsted ført vidare som ein ekspedisjons- og kontrolleining, og organisatorisk lagt under regiontollstaden i Bergen. Måløy var då bemanna med to tenestemenn. Bemanninga blei auka med ytterlegare to tenestemenn, til i alt fire. Dei to sist tilsette valde å slutte etter enda grunnutdanning og noko praksis. Toll- og avgiftsetaten har korkje i 2012 eller 2013 funne rom for ny rekruttering på Måløy. Etaten har måtta prioritere bemanning på stader med kritisk behov ut frå krava til dagleg drift og der kontrollbehovet gjer det naudsynt.
Kontrollfrekvens og resultat ved Måløy ekspedisjons- og kontrolleining har lege på eit moderat nivå, også før bemanninga blei redusert frå fire til to tenestemenn. Kontrollar blir i dag i stor grad utførde med assistanse frå Ålesund og Bergen. I første kvartal 2012 blei det ved eininga utført to varedeklarasjonar og sju innbetalingar av eingongsavgift i snitt per månad. I første kvartal 2011, siste kvartal med full bemanning, var talet ennå lågare. Det blei då utført i overkant av ein varedeklarasjon og fem innbetalingar av eingongsavgift i snitt per månad. Beslaga av ulovlege varer har i begge periodane vore marginale.
Toll- og avgiftsetaten må prioritere nærvær ut frå risiko og relevans, tufta på ei samla vurdering i etaten. Tolldeklarasjonar skjer i dag hovudsakleg elektronisk og gir etaten eit grunnlag for planlegging av kontrollar. Ein moderne tolladministrasjon, som den norske, er i stor grad mobil og baserer nærværet sitt på dei til ein kvar tid føreliggjande risikovurderingar. Eg har stor tiltru til at leiinga i Toll- og avgiftsetaten gjer dei riktige vurderingane for å sikre at etaten kan utføre pliktene og oppgåvene sine på ein god måte.