Skriftleg spørsmål fra Borghild Tenden (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1627 (2012-2013)
Innlevert: 15.08.2013
Sendt: 15.08.2013
Svart på: 22.08.2013 av samferdselsminister Marit Arnstad

Borghild Tenden (V)

Spørsmål

Borghild Tenden (V): Kva vil ministeren gjera for å betra på den vanskelege situasjonen for næringslivet og lokaltrafikken som følgje av at Gudvangatunnelen er stengd, og kan verta stengd i fleire veker til?

Grunngiving

I avisa Hordaland går det fram (13.08.2013) at stenginga av Gudvangatunnelen etter tunellbrannen forrige veke, fører til milliontap for lokalt næringsliv kvar veke tunnelen er stengd. Reiselivsnæringa, handelsstanden, transportnæringa og varelevering er døme på næringar som tapar store summar. I tillegg til at næringslivet tapar pengar i dag, kan ei vedvarande stenging, føra til permanent tap fordi kundane finn alternative leverandørar, ikkje minst gjeld det reiselivet som har lang tidshorisont marknadsmessig.
I artikkelen kjem det fram at Gudvangatunnelen kan verta stengt i inntil ein månad til, og at det ikkje er planar om å setja i verk avbøtande tiltak. Stenginga har medført at ferjesambanda over Hardangerfjorden, særleg Bruravik - Brimnes, har vorte overbelasta med timavis lange køar.
Døme på avbøtande tiltak kan vera å setja inn ferje over Nærøyfjorden (Gudvangen - Lærdal), kolonnekøyring gjennom tunellen til faste tider og auka ferjekapasitet over Hardangerfjorden.

Marit Arnstad (Sp)

Svar

Marit Arnstad: E16 Gudvangatunnelen vart stengd 5. august i år etter brann i eit vogntog, og tunnelen fekk omfattande skadar. Statens vegvesen reknar med at tunnelen vert opna att for vanleg trafikk i slutten av veke 36. Det er viktig at oppryddingsarbeidet kan gå føre seg på ein trygg måte. På den andre sida er stenginga uheldig for reiselivet og anna næringsliv. Statens vegvesen har derfor arbeidd for å finna fram til så gode mellombelse løysingar som mogleg.
Mellom Hella og Vangsnes vart det sett inn nattferje like etter stenginga av Gudvangatunnelen, og ved overgangen til vinterruter måndag 19. august er denne delen av riksvegferjesambandet Hella – Vangsnes – Dragsvik styrkt med ei ekstra ferje. Måndag 19. august vart det i tillegg sett inn ein hurtigbåt for persontrafikk mellom Gudvangen og Flåm. Båten går fire turar kvar veg dagleg. Tilbodet er retta mot passasjerar på turistbussar som elles hadde nytta Gudvangatunnelen. Takstane er fastsette til 80 kroner for vaksne personar og 40 kroner for born, noko som er i samsvar med riksregulativet for ferjer på ei tilsvarande strekning.
Statens vegvesen reknar med å få til kolonnekøyring gjennom tunnelen for bussar og tunge kjøretøy (utan passasjerar) frå og med fredag 23. august. Planen er å avvikla to kolonner for bussar mellom klokka 7 og 21. Tidspunkta er enno ikkje bestemt. Mellom klokka 21 og 7 vil det verta opna for kolonnekøyring både for bussar og tunge køyretøy (over 7,5 tonn) etter behov. På grunn av tryggleiken og framdrifta i oppryddingsarbeidet er det ikkje aktuelt å opna for kolonnekøyring for personbilar.
Innsetjing av ferje på strekninga Gudvangen – Lærdal har vorte vurdert, men ikkje funne aktuelt. Overfartstida er lang, og eventuell innsetjing av ferje løyser derfor i liten grad behov for kapasitet.
I veke 33 vart kapasiteten i ferjesambandet Brimnes – Bruravik auka gjennom ekstra seglingar. Laurdag 17. august vart Hardangerbrua opna for trafikk. Brua erstattar ferjesambandet Brimnes – Bruravik, og kapasitetsproblema på denne strekninga er dermed eliminerte.