Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:3 (2013-2014)
Innlevert: 09.10.2013
Sendt: 09.10.2013
Svart på: 14.10.2013 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva vil statsråden gjera med situasjonen at barnehagar no får nei til lån gjennom Husbanken fordi ramma er oppbrukt for 2013?

Grunngiving

Det blir no meldt tilbake frå Husbanken til aktuelle investeringsprosjekt innanfor barnehagesektoren at ramma for barnehagelån i 2013 er brukt opp. Fleire vekstkommunar er avhengig av å komma i gong no med investeringar for å ha nye plassar klar frå hausten 2014. Avslag frå Husbanken fører til unødige forseinkingar.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Husbanken gjev grunnlån til oppføring og utbetring av bustader, lån til barnehagar og startlån til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Låneramma er i 2013 på 25 mrd. kroner etter ein auke på 5 mrd. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett.
Sjølv om låneramma er på eit historisk høgt nivå, har det på grunn av høg etterspurnad vore naudsynt med prioriteringsreglar der det er fastsett kvotar av låneramma til dei ulike formåla. 16,5 mrd. kroner er sett av til grunnlån, 1,5 mrd. kroner til bamehagelån og 7 mrd. kroner til startlån. Auken i Revidert budsjett 2013 har likevel vist seg å ikkje vere tilstrekkeleg til å kunne innfri alle innkomne søknader om lån i Husbanken. Når det gjeld barnehagelån hadde Husbanken per 31.8.2013 gjeve tilsegner om lån og hadde søknader til handsaming for noko over ramma på 1,5 mrd. kroner. 12012 blei det til samanlikning gjeve tilsegner for om lag 1 mrd. kroner. Når pågangen etter hu banklån er å høg, kjem dette mellom anna av at husbanklåna for tida har gode vilkår samanlikna med den private kredittmarknaden.
Det er ingen automatikk i at låneramma til einkvar tid skal endrast i takt med etterspurnaden etter husbanklån. Ikkje minst i ei tid der Husbanken har gunstigare rentevilkår enn private bankar er det viktig for meg å peike på at Husbanken ikkje skal vere ein konkurrent, men eit supplement til dei private bankane.