Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:5 (2013-2014)
Innlevert: 18.10.2013
Sendt: 18.10.2013
Svart på: 24.10.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kjem justisministeren til å ta kontakt med Tønsberg blad for å rydde opp, eller kjem han til å brenne fleire aviser, og framfor alt: angrer han på at han har oppmoda til boikott av ei avis han ikkje likte innhaldet i?

Grunngiving

I Aftenposten 18. oktober 2013 nektar justisminister Anders Anundsen å svare på spørsmål om han meiner det er greitt å brenne aviser. Bakgrunnen er at Anundsen for berre ein dryg månad sia, hadde ei oppdatering på nettsamfunnet Facebook, der han fortalde at han hadde brent Tønsberg Blad og at han oppmoda andre til å boikotte avisa. Årsaka var at Anundsen ikkje var nøgd med valkampdekninga til avisa. No, kort tid etter, er han justisminister, og har utvida dette til å nekte å svare på spørsmål frå andre journalistar om konflikten han har med Tønsberg blad, han vil heller ikkje svare på prinsipielle spørsmål frå journalister, til dømes om han meiner det er greitt å brenne meiningar han ikkje likar.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Tønsberg Blad kan på lik linje med alle andre medium vende seg til Justis- og beredskapsdepartementet for å stille meg spørsmål. At eg som stortingsrepresentant nytta meg av vår grunnlovsfesta ytringsfridom også på Facebook, vil ikkje påvirke mi gjerning som statsråd.
Eg er opptatt av å ha gode og opne relasjoner til alle media.