Skriftleg spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:23 (2013-2014)
Innlevert: 25.10.2013
Sendt: 28.10.2013
Svart på: 05.11.2013 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): I Intercity-satsinga i Nasjonal Transportplan gjekk Stortinget inn for å investere i samanhengande dobbeltspor frå Oslo til Tønsberg, Hamar og Seut/Fredrikstad innan utgangen av 2024, halvtimesavgangar til/frå Skien og Sarpsborg, samt auka godskapasitet på Dovre- og Østfoldbanen innan utgangen av 2026. Vidare planlegging av IC-strekningane til Halden, Lillehammer og Skien i utgangspunktet skulle ta sikte på ferdigstilling i 2030.
Kan statsråden bekrefte at planen blir gjennomført i samsvar med desse tidsmåla?

Grunngiving

I regjeringserklæringa står det at regjeringa ynskjer å planlegge for full utbygging av Intercity-strekningane i Austlandsområdet, men det blir ikkje sett nokon frist for når dette skal bli ferdig. Stortinget gjekk i Nasjonal Transportplan for 2014-2023 inn for konkrete tidsmål i utbygginga. Sidan dette ikkje er nemnt i regjeringserklæringa, er det viktig å få avklart om desse måla framleis står.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringsplattforma seier at ein skal oppfylle, og overoppfylle Nasjonal transportplan 2014-2023. Regjeringa tar utgangspunkt i framdriftsplanen som Stortinget slutta seg til i samband med handsaminga av Nasjonal transportplan 2014-2023.
I Prop. 1 S (2012-2013) foreslo den førre regjeringa å sette av til saman 38,7 mrd. kr til veg (inkludert fylkesvegar) og jernbane. Nasjonal transportplan tilseier at det i gjennomsnitt skal settast av 43,4 mrd. kr dersom ein legg 25 prosent per år til grunn. Med den førre regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2014 er med andre ord NTP underfinansiert med om lag 4,7 mrd. kr. Jernbaneverket skal utarbeide eit forslag til utbyggingsstartegi for IC-strekningane. I utbyggingsstrategien skal Jernbaneverket mellom anna sjå på utbyggingsrekkefølgje for dei ulike parsellane. Samferdselsdepartementet vil komme attende til utbyggings- strategien i statsbudsjettet for 2015.