Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:51 (2013-2014)
Innlevert: 04.11.2013
Sendt: 04.11.2013
Svart på: 08.11.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er status for piloteringen av felles nødnummer i Drammen og for framdriften for å etablere eit felles nødnummer?

Grunngiving

Lørdag 02. november i år hadde NRK Kveldsnytt ei sak på nyhenda om at pilotprosjektet om felles nødnummer for brann, helse og politi i Drammen skulle leggjast ned, og at ein i staden vil setje i gang eit utredningsarbeid.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Innslaget i NRK Kveldsnytt 2. november gir inntrykk av at pilotprosjektet i Drammen skal leggas ned på grunn av tekniske problem. Dette er ikkje riktig. Prosjektet skal halde fram, med same mål, til same kostnadsramme og med same tidsramme.
Den viktigaste oppgåva til prosjektet er å utvikle eit godt grunnlag for å fatte ei avgjerd om det skal innførast eit felles nødnummer og felles nødsentralar i Noreg. Grunnlag for avgjerda skal liggje føre innan utgangen av 2014.
Basert på erfaringane så langt og kartlegging av handlingsalternativa vert det gjort nokre justeringar i måten prosjektet vert gjennomført på. Ein planlegg no at etatane skal skipa ei prøveordning med ein felles sentral for mottak av nødmeldingar der representantane frå kvar etat nyttar teknisk utstyr frå eigen etat. Dette vil gi ei praktisk utprøving av muligheiter til å forbetre informasjonsflyten og samhandlinga mellom nødetatane, utan at ein må byggje om eksisterande utstyr slik at det blir likt, slik tanken først var.
Parallelt med dette gjennomfører prosjektet ei omfattande utgreiing av alle sider ved ei mogleg innføring av eit felles nødnummer og felles nødsentralar. Dei tiltaka som nå vert gjennomført av prosjektet i Drammen skal samla sett gi oss eit grunnlag for å fatte ei avgjerd om det i Norge skal innførast eit felles nødnummer og felles nødsentralar.