Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:78 (2013-2014)
Innlevert: 12.11.2013
Sendt: 13.11.2013
Svart på: 21.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kvifor trekte regjeringa stortingsmelding 46 (2012-2013) "Flere i arbeid", og når kan Stortinget forvente å få handsame ei melding om dette temaet?

Grunngiving

Syner mellom anna til artikkel i Klassekampen 12.11.13 der det blir referert at regjeringa trekker stortingsmelding 46. Dette får sterke reaksjonar frå mange som driv med arbeidsmarknadstiltak, mellom anna frå direktøren i Attføringsbedriftene, som i same artikkel seier til avisa at han fryktar at heile arbeidet med modernisering av attføringsarbeidet no blir sett tilbake.
Føremålet med dette spørsmålet er å få innsikt i grunnlaget for å trekkje meldinga, og å finne ut kva tidsperspektiv regjeringa har på å eventuelt sende ei tilsvarande melding om temaet til Stortinget.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: I statsråd 9. august 2013 fremma Regjeringa Stoltenberg II Meld. St. 46 (2012-2013) Flere i arbeid. Meldinga vart overbrakt det nye Stortinget. Meldinga rettar særleg merksemd mot strategiar for auka inkludering av personar med nedsett arbeidsevne eller funksjonsevne i arbeid, korleis få fleire med psykiske helseproblem i arbeid, og innsatsen for unge som har falle eller står i fare for å falle utanfor utdanning og arbeid. I meldinga drøftast fleire ulike forslag. Fleire av forslaga krev ytterlegare utgreiing og konkretisering.
Regjeringa Solberg har lagt fram ei regjeringsplattform med eit særleg fokus på arbeid, helse og utdanning. Regjeringa har ambisjonar om å få fleire enn i dag i arbeid. Regjeringa vil derfor trekkje Meld. St. 46 (2012-2013) Flere i arbeid tilbake og ønskjer å kome tilbake til Stortinget på eigna måte med eigne vurderingar og forslag.