Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:99 (2013-2014)
Innlevert: 19.11.2013
Sendt: 20.11.2013
Rette vedkommende: Arbeids- og sosialministeren
Svart på: 27.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I budsjettforslaget frå Høgre/FrP-regjeringa låg det inne eit stort kutt i permitteringsordninga for fiskeindustrien. I Altaposten 11.11 i år grunngjer stortingsrepresentant Frank Bakke-Jensen dette kuttet med at permitteringsordninga vart mykje misbrukt.
Kan statsråden gjere greie før kva dette misbruket består i?

Grunngiving

Sjølv om budsjettforliket med Venstre og KrF har medført at permitteringsreglane for fiskarene er attende på Stoltenberg-nivå, har det vore stor uro i fiskeindustrien og blant fiskarane etter at Regjeringa forslo å kutte i ordninga.
Fiskeripolitisk talsmann for Høgre på Stortinget, Frank Bakke-Jensen, forsvarer kuttet, og viser til eit omfattende misbruk av ordninga i Altaposten 11.11.13. Ei utdyping av kva dette misbruket består av er difor ønskeleg.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Permitteringslønnsloven gjeld i dag ikkje ved permittering av arbeidstakarar i fiskeforedlingsindustrien, jf. permitteringslønnsloven § 1 (3). Arbeidstakarar her har altså ikkje lønnsplikt under permittering, korkje i form av ein arbeidsgjevarperiode i starten av permitteringsperioden eller etter at perioden med dagpengar under permittering er over. Permitterte frå fiskeindustrien kan vidare vere permitterte med rett til dagpengar i inntil 52 veker, som er ein vesentleg lengre periode enn det som gjeld i andre næringar. Bakgrunnen for særreglane har tradisjonelt vore at varierande tilgang på råstoff og sesongmessige svingingar har gjort det vanskeleg å ha ein jamn produksjon og ei stabil bemanning i fiskeindustrien.
Bakgrunnen for forslaget om å oppheve særreglar for permitterte i fiskeforedlingsindustrien er eit ønske om ein meir nøytral næringspolitikk, utan særskilte virkemiddel retta mot spesielle bransjar, men med generelle rammevilkår for alle typar verksemder. Den spesielle skjerminga av fiskeforedlingsindustrien bryt med ein slik næringsnøytralitet.
Permitteringsregelverket er ei form for forsikringsordning, som inneber reduserte kostnader som følgjer av svingingar i aktiviteten. Ein passande utforma eigendel er det elementet i alle forsikringsordningar som skal bidra til å motverke uheldige tilpassingar. Ein kan sjå på arbeidsgjevarperioden i permitteringsregelverket som ein slik eigendel for arbeidsgjevarane. Gjennom dagpengane tek folketrygda over store delar av personalkostnadene ved permitteringar. Dei kostnadene samfunnet har ved å la arbeidskraft gå uverksam – permittert – er avhengig av kor stor mangelen på arbeidskraft er. Dette har vore eit argument for å variere lengda på både arbeidsgjevarperioden og på perioden med rett til dagpengar etter konjunktursituasjonen og situasjonen på arbeidsmarknaden. Sidan arbeidsmarknadssituasjonen no er god, er det etter mi oppfatning ikkje naudsynt å oppretthalde eit regelverk som i stor grad legg til rette for ein utstrakt bruk av permitteringar.
Generelt vil oppheving av unntak og særordningar dessutan gi eit enklare regelverk, i tråd med den politiske plattforma til regjeringspartia. Som ein del av budsjettforliket med Kristeleg folkeparti og Venstre, har regjeringa likevel vald å ikkje gå vidare med forslaget om oppheving av særreglane for permittering i fiskeforedlingsindustrien no.