Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:184 (2013-2014)
Innlevert: 06.12.2013
Sendt: 09.12.2013
Svart på: 12.12.2013 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Er det etablert eit beredskaps- og sikkerheitselement på statsministerens kontor, dersom ja, kva utgjer dette elementet, dersom nei, kva er planen for å etablere eit slikt element?

Grunngiving

Viser til spørsmål av 26.11.13 og tilhøyrande svar av 29.11.13 frå statsministeren. Eg takkar for svaret. I svaret skriv statsministeren at det «skal etableres» eit nasjonalt beredskaps- og sikkerheitselement, noko som kan tyde på at det ikkje er etablert. Det står òg at dette elementet skal «ivareta den overordnede koordineringen og oppfølgingen» av sikkerheits- og beredskapsarbeidet, medan det i avsnittet like under står at « Laila Bokhari […] statssekretær ved SMK […] skal ha særskilt oppmerksomhet» på sikkerheits- og bereskapsarbeidet. Det er ein diskrepans mellom orda «koordinering og oppfølging» og orda «særskilt oppmerksomhet» som skiljar omtalen av elementet og statssekretæren. Forskjellen er ikkje berre språkleg, den er reell, av di det er forskjell på å koordinere, altså samordne eller få til å verke saman, samt det å gje oppfølging, versus det å vie merksemd til eit tema, altså fordjupe seg i det og ha særskilde kunnskapar om det.
Eg er ute etter å vite om denne diskrepansen, samt bruken av «skal», ei språkform som markerer framtid, er eit teikn på at det per no ikkje er eit beredskaps- og sikkerheitselement på statsministerens kontor, samt kva dette elementet i så fall skal vere når det vert etablert.
Desse spørsmåla har bakgrunn i statsministeren sin eigen vektlegging av å ha eit slikt element, forankringa i Sundvolden-erklæringa, omtalen i innstillinga til Stortingsmeldinga om terrorberedskap, Innst.
425 S (2012–2013), jf. Meld.St. 21 (2011-2013), som kvar for seg, og i sum, gjer at dette er eit spørsmål det bør vere openheit om, for å sikre at etableringa av et slikt element ikkje svekker eller gjer ansvarsforholda på beredskap uklåre.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: I mitt brev av 28. november 2013 redegjorde jeg for utnevnelsen av statssekretær Laila Bokhari ved Statsministerens kontor (SMK), herunder hennes arbeidsoppgaver. Videre understreket jeg at utnevnelsen ikke endrer det ansvaret det enkelte departement har på eget område for sikkerhets- og beredskapsarbeidet. Statssekretær Laila Bokhari inngår i beredskaps- og sikkerhetselementet ved SMK. Når det gjelder organiseringen av Statsministerens kontor for øvrig, gjentar jeg at regjeringen står fritt til å bestemme hvordan den organiserer sitt arbeid.