Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:219 (2013-2014)
Innlevert: 18.12.2013
Sendt: 18.12.2013
Svart på: 20.12.2013 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Halvparten av dei som søkte om grøne konsesjonar har fått søknadene avvist pga. formelle feil. I media vert det hevda at dei formelle feila f eks går ut på at kvittering er på engelsk. Det vert videre vist til at det er faggruppa for handsaming av dei grøne konsesjonane som skal sjekke formalia knytt til søknaden, og ikkje direktoratet.
Meiner ministeren det er riktig tidsbruk at faggruppa skal gjere dette, og kan det garanterast at gode innovative grøne løysingar ikkje går tapt som følgje av små, uvesentlege formelle feil?

Grunngiving

Intensjonane med dei grøne konsesjonane er vi alle samde om er svært gode. Dei skal fremje nye innovative løysingar som vil vera til stor hjelp for framtidig vekst i den viktige havbruksnæringa, innanfor bærekraftige miljømessige rammer. Når så halvparten av søknadene vert avvist, og det vert hevda at dette i hovedsak skuldast formaliekrav, reiser det ein del spørsmål. Det kan mellom anna stillast spørsmål ved om det er rett at det er faggruppa som skal bruke tid på å sjekke formaliekrav eller om det høyrer meir naturleg inn under Fiskeridirektoratet sitt felt. Så vidt underteikna veit så er det direktoratet som har utført denne jobben før. Viss dei hadde undersøkt dette, hadde det vorte rydda opp i søknader med formaliefeil, og desse hadde ikkje havna i ankeprosessen. Det er grunn til bekymring knytt til om det er gjort tiltak for å sikre at ikkje gode innovative løysingar går tapt pga. anke, eller avslag.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Eg er overraska over at representanten Heggø stiller spørsmål ved korleis tildelingsrunden for nye løyve til lakseoppdrett 2013 er innretta. Det er den førre regjeringa som har lagt opp den saksgangen som vi nå ser. Arbeidsoppgåvene til faggruppa er bestemt i forskrifta som regulerer tildelinga av nye grøne konsesjonar til laks, aure og regnbogeaure i 2013 og i eigen instruks for faggruppa. Både forskrifta og instruksen vart fastsett av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (AP), og det følgjer av desse at faggruppa skal vurdere om krav til formalia ved søknadene er oppfylt.
Tildelingsforskrifta fastset ei rekkje krav til søknadene, og det var opp til søkjar å oppfylle dei. Som representanten sikkert er kjend med, har Fiskeri- og kystdepartementet motteke i alt 118 vedtak om avvising til klagebehandling. Fram til nå har vi behandla dei 28 sakene i gruppe B (lukka bodrunde) som departementet har fått til behandling, og eg har oppheva avvisingsvedtaket i alle desse sakene. Eg tar sikte på å ha avgjort alle klagesakene innan utgangen av januar.