Skriftleg spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:261 (2013-2014)
Innlevert: 10.01.2014
Sendt: 13.01.2014
Svart på: 16.01.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Vil statsråden sørge for å få heva vraket av ubåten U-864, som ligg på 150 meters djup utanfor kysten av Fedje i Hordaland med bortimot 70 tonn kvikksølv om bord, og når vil eit eventuelt vedtak bli fatta i saka?

Grunngiving

U-864 er ein tysk ubåt som blei senka av den britiske ubåten HMS «Venturer», 9. februar 1945. Alle om bord omkom. U-864 var på veg frå Tyskland via Norge til Japan med personell med teknisk spesialkompetanse og krigsmateriell, blant anna var det omkring 65 tonn flytande kvikksølv om bord, lagra på stålbeholdarar. Kvar behaldar veg om lag 36 kilo, med vekster som har lagt seg på utsida opp gjennom åra.
I ein artikkel i Bergens Tidende 10. januar 2014 fremgår det at Kystverket nå gjennomfører dei siste undersøkingane av U-864 . Målet er å bore seg inn til kvikksølvet i kjølen av U-864. Arbeidene foregår ved at ein beltegåande robot med kamera og boreutstyr tek seg frem til vraket på havbotn. Dei fysiske arbeida er forventa å vere ferdige i neste veke. Deretter leverer Kystverket sin rapport til Samferdselsdepartementet i månadsskiftet februar/mars.
Det haster med å kome til ei avklaring i denne saka. Det har gått mange år, og det har vore gjennomført mange utgreiingar kor store midler er brukt. Prøver frå sjøbotn viser auka forurensing, og folk er bekymra for tilstanden til behaldarane. Folkeaksjonen Hev U-864 venter spent på svar fra den nye regjeringen.
No må det handling til.
Framstegspartiet har tidligare krevd heving av ubåten i Stortinget, og representantar frå dei to regjeringspartia var våren 2013 ute og lova heving dersom det blei ny regjering. I statsbudsjettet for 2013 fremma Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti felles framlegg om straks å setje i gong arbeid med heving av ubåten U-864 og fjerning av kvikksølvlasta i havet utanfor Fedje i Hordaland.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa meiner det er viktig at løysinga for vraket av ubåten ”U-864” er forsvarleg og trygg for miljøet. Vi tek potensialet for kvikksølvforureining frå vraket svært alvorleg, og vi må difor ha eit solid fagleg grunnlag før vi tek avgjerda om val av miljøtiltak.
I tråd med vedtak i Stortinget i samband med revidert budsjett for 2012 utarbeider Kystverket no forprosjekt for to konkrete løysningar for handtering av forureininga. Dette er eit alternativ der vraket med lasta og havbotnen blir dekt til med reine massar, og eit alternativ med heving av kvikksølvlast og etterfølgjande tildekking av vrak og forureina havbotn.
I arbeidet med forprosjekta har Kystverket mellom anna gjort nye, grundige undersøkingar av både vraket og havbotnen, seinast no i januar. Dette sikrar eit riktig og oppdatert data- og faktagrunnlag for dei faglege vurderingane. For å sikre eit godt fagleg grunnlag har Kystverket også trekt inn mange ulike fagmiljø i arbeidet med forprosjekta, mellom anna store selskap innan undervassteknologi. Etter dei siste undersøkingane på vrakposisjonen må ein analysere alle data og setje saman og vurdere all kunnskapen, før Kystverket kan avslutta forprosjekta
Potensialet for tiltaka er av eit slikt omfang at det er naudsynt med ekstern kvalitetssikring gjennom ein KS2 prosess. Det er venta at forprosjekta frå Kystverket er klare i månadsskiftet februar/mars, og dette grunnlaget vil då raskt verte oversendt til kvalitetssikring.
Regjeringa deler utolmodigheita etter ei avklaring på dette spørsmålet, men vil samstundes leggje vedtak i Stortinget til grunn. Med det alvorlege forureiningspotensialet vraket av ”U-864” representere, er det avgjerande at vi har eit godt fagleg grunnlag. Når dette føreligg, vil regjeringa søke ei rask avklaring for handteringa av ”U-864”.