Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:404 (2013-2014)
Innlevert: 14.02.2014
Sendt: 17.02.2014
Svart på: 25.02.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Den nye strategien til Norway Seafoods knytt til foredlingsverksemda i nord betyr m.a at anlegget i Mehamn vert lagt ned/selt, og at anlegget i Hammerfest vert flytta frå Rypefjord til Forsøl. Selskapet legg til grunn at dette er i tråd med gjeldande leveringsforpliktelsar.
Vil statsråden sikra at fisk som i henhold til leveringsforpliktelsane skal leverast til Hammerfest og Mehamn faktisk vert levert der, og leggja tidlegare varsla endringar i leveringsplikta i skuffen?

Grunngiving

Norway Seafoods vedtok i styremøte 12.2.14 ein ny strategi for foredlingsverksemda i Nord-Norge. Der framgår det at selskapet meiner at selskapet HAVFISK med ny strategi ikkje har utfordra leveringsforpliktelsane. Dette tolkar eg som ei stadfesting på at HAVFISK og Norway Seafoods er nøgde og innforstått med leveringsforpliktelsane slik dei er i dag. Spørsmålet dreier seg difor om dette betyr at fiskeriministren legg burt planlagde endringar i leveringsforpliktelsane, og sikrar at fisk vert levert i henhold til dagens leveringsforpliktelsar.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Eg vonar satsinga som Norway Seafoods AS no skal gjennomføre vil skape grunnlag for heilårige, trygge og lønsame arbeidsplassar. Samtidig håpar eg at Norway Seafoods kan finne nye drivarar til anlegget i Mehamn.
Regjeringa er opptatt av å sikre gode rammevilkår, slik at vi også innafor sjømatnæringa kan få til naudsynt omstilling i ein situasjon der også denne næringa møter stadig vanskelegare global konkurranse.
Dårleg lønsemd i fiskeindustrien har i lang tid skapt usikkerhet for den enkelte ansatte og for dei kommunene dette gjeld. Problemstillingen er kompleks, og det fins ingen enkle løysingar. Det er positivt at Norway Seafoods nå tar tak i denne situasjonen med en strategi for fremtiden.
Vilkår om levering og vilkår om aktivitet på anlegg er knytta til Havfisk ASA sine løyve. Norway Seafoods AS sine planar om ny struktur i filetproduksjonen og vekst ved anlegga i Melbu, Stamsund og Båtsfjord medfører inga endring i vilkåra knytta til Havfisk ASA. Det at Norway Seafoods AS legg ned drifta i Mehamn og flyttar aktiviteten i Hammerfest, inneber inga endring av leveringsforpliktelsane. Det er også Havfisk ASA og Norway Seafoods AS inneforstått med, og eg har ei klar forventning om at selskapet vil ta i vare dei forpliktelsar dei har.
Som eg har sagt tidligare, har eg starta arbeidet med korleis vi skal følgje opp regjeringsplattforma sitt bodskap om å oppretthalde ordninga med leveringsvilkår, men knytte plikta til regionar framfor det einskilde anlegg og kommune. Dette arbeidet vil fortsetje.