Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:511 (2013-2014)
Innlevert: 07.03.2014
Sendt: 07.03.2014
Svart på: 14.03.2014 av landbruks- og matminister Sylvi Listhaug

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa vurdere å innføre ei merkeordning som gjev forbrukarane reelt høve til å velje produkt ut frå omsynet til god dyrevelfer?

Grunngiving

Økologiske matvarer skulle i utgangspunktet borge for god dyrevelferd og legge til rette for dyra sine naturlege behov. Men økomerket Debio har gradvis blitt dårlegare på dyrevelferd. I dag er det lovleg at økologiske kyr står fastlenka på båsen mesteparten av året, medan det er tillat at økologisk sau oppheld seg på ei metallrist gjennom heile vinteren, utan rett til å kome ut.
Strengare dyrevelferdskrav enn dette har LMD fjerna frå det økologiske regelverket. Beitebehov er i mange tilfelle heller ikkje stetta på ein god måte, då luftegardane for økologisk okse og gris ikkje treng å ha anna dekke enn eit betonggolv. I følgje ein kronikk frå Dyrevernalliansen på NRK Ytring 5. mars er det LMD som har stått i vegen for å sørgje for ei velfungerande merkeordning som kan ta tilstrekkjeleg omsyn til god dyrevelferd.
Stadig fleire forbrukarar stiller spørsmål ved om dyra dei et har hatt eit godt liv. Merking av den meirverdien bonden legg inn for å gje dyra eit godt liv gjev forbrukaren eit reelt høve til å velje i tråd med sitt eige samvit.
I Sverige har ein oppretta merkeordninga KRAV, som i langt større grad enn Debio tek omsyn til dyra sine naturlege behov i krava som vert stilt.
KRAV dekker 80 prosent av økosalget i Sverige. Det ville vore eit viktig steg for dyrevelferden dersom LMD tok initativ til å opprette ei liknande merkeordning i Noreg.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Eg er oppteken av dyrevelferd. Regelverket for økologisk produksjon gjeld i tillegg til anna regelverk, også når det gjeld dyrevelferd. Økologiregelverket stiller ei rekkje krav som legg til rette for betre dyrevelferd.
Også innan økologisk produksjon er det mogleg å bli betre. Eg trur ikkje forbetringspunkt knytt til dyrevelferd let seg løyse med å innføre fleire merkeordningar. Slik eg ser det, er verken forbrukaren eller næringa tent med ytterlegare regelsett med tilhøyrande byråkrati og kostnader på dette området.