Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:535 (2013-2014)
Innlevert: 13.03.2014
Sendt: 14.03.2014
Svart på: 20.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til Prop. 1 S (2013-2014), kap. 601, der arbeidsdepartementet si deltaking i PROGRESS-programmet og EURES er omtalt. Desse programma er no erstatta av det nye EaSI-programmet, og i proposisjonen kan ein lese at ei eventuell deltaking i dette programmet er til vurdering i departementet.
Vil statsråden syte for at Noreg held fram med å bidra i dette viktige internasjonale arbeids- og sosialpolitiske samarbeidet gjennom å løyve dei naudsynte midlane?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Det er Regjeringa sitt syn at det er viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet på det arbeidslivspolitiske og sosialpolitiske området. Regjeringa ønskjer at Noreg skal vere ein bidragsytar til arbeidet med å skape eit solidarisk, inkluderande og trygt Europa.
EU-programmet for sysselsetting og sosial innovasjon (EU programmet for Employment and Social Innovation - EaSI) for perioden 2014-2020 har til føremål å hjelpe til med gjennomføringa av Europa 2020-strategien ved å gje støtte til oppfylling av EU sine mål om å fremje eit høgt sysselsettingsnivå, sikre gode arbeidsvilkår og kjempe mot sosial utstøyting og fattigdom.
EaSI-programmet (2014-2020) samlar og vidarefører dei tre eksisterande programma PROGRESS (EU-programmet for sysselsetting og sosial solidaritet), EURES (EURopean Employment Services) og mikrofinansieringsordninga (European Progress Microfinance Facility). Fram til utgangen av 2013 deltok Noreg i PROGRESS som støttar opp om EU sin politikk og fremjar tiltak på dei arbeidslivs- og sosialpolitiske områda, og EURES som er arbeidsmarknadsetatane sin europeiske arbeidsformidlingsteneste. I tillegg omfattar det nye programmet mikrofinansieringsordninga som ikkje tidlegare har vore open for deltaking frå EØS/EFTA –landa. Mikrofinansieringsordninga gjev midlar og rettleiingstenester til oppstart av verksemd for utsette grupper på arbeidsmarknaden og til sosialt entreprenørskap.
Frå 2014 velgjer Noreg ei delvis tilslutning gjennom EURES. EURES er eit nettverk mellom EU-kommisjonen og dei offentlege arbeidsformidlingsetatane i EU sine medlemsland, EØS/EFTA-landa og Sveits. Dette nettverket gjev informasjon, rettleiing , rekrutterings- og formidlingstenester til arbeidsgjevarar og arbeidssøkarar.
Ei eventuell deltaking i det totale EaSI-programmet er framleis til vurdering i departementet.