Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:550 (2013-2014)
Innlevert: 19.03.2014
Sendt: 19.03.2014
Svart på: 28.03.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Arbeids- og sosialdepartementet la på nyåret ut eit prosjekt på anbod, der oppdraget var å vurdere føremoner og ulemper ved å endra dei pensjonsrelaterte aldersgrensene.
Er dette første steg i regjeringa sitt arbeid med å innføre høgare aldersgrense for AFP- og folketrygdpensjon, og kvifor er ikkje partane i arbeidslivet informerte om at dette utgreiingsprosjektet er sett i gang?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Utgreiinga ”Aldersgrenser i pensjonssystemet” er eit ledd i Arbeids- og sosialdepartementet sitt arbeid med å få betre kunnskap om område som departementet har ansvaret for. Det er av stor verdi at Arbeids- og sosialdepartementet har god kunnskap om ansvarsområda sine. Det bidrar til å sikre eit godt grunnlag for politiske val.
Det er for tida ikkje planar om å innføre høgare aldersgrenser for AFP og alderspensjon i folketrygda. Dersom det seinare skulle bli aktuelt å vurdere endringar i aldersgrensene i pensjonssystemet, vil dette skje i samråd og samforståing med partane i arbeidslivet, slik som pensjonsreformen elles er gjennomført.
Partane i arbeidslivet blei informerte om utgreiingssprosjektet i eit møte 18. desember 2013.