Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:706 (2013-2014)
Innlevert: 28.04.2014
Sendt: 28.04.2014
Svart på: 09.05.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Til Adresseavisen den 25. april varslar statsråden at attførings- og vekstbedriftene skal få auka konkurranse. Slik kommersialisering var dåverande komitéleiar Robert Eriksson motstandar av som opposisjonspolitikar i førre stortingsperiode.
Kvifor har statsråden endra meining om dette, kva for arbeidsmarknadstiltak skal ut på anbod, og vil denne omlegginga bli lagt fram for Stortinget gjennom ei stortingsmelding?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Sjølv om vi har høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse, er det ei særleg utfordring at mange i yrkesaktiv alder står utanfor arbeidslivet og tek imot offentlege ytingar. Mange av desse har nedsett arbeidsevne. Så langt har vi ikkje lykkast godt nok med å hjelpe dei over i arbeid. Vi kan difor ikkje berre fortsette å gjere det same som før. Vi må tenkje nytt.
Regjeringa har ambisjonar om å få fleire i arbeid, og har særleg vore oppteken av strategiar for auka inkludering i arbeid av personar med nedsett arbeidsevne. Då må vi ta alle gode krefter i bruk, og vi må fornye og styrkje tiltaksarbeidet. Vi treng mellom anna eit større mangfald av leverandørar og fagmiljø i attføringsarbeidet. Dette vil gje brukarar større valfridom i tenestetilbodet.
Anbodskonkurransar er allereie innført på mange tiltaksområder innanfor arbeidsmarknadspolitikken. Erfaringane frå desse viser at attførings- og vekstbedriftene deltek og vinn mange av desse konkurransane. Eg har difor stor tru på at desse bedriftene vil være viktige leverandørar av arbeidsretta tenester også i framtida.
Gjennom å bruke anbod kan vi få med oss enda fleire kompetente og erfarne aktørar frå både helse-, rehabiliterings- og arbeidsmarknadsområdet. Eg ser ingen grunn til å halde leverandørar på sidelina så lenge dei kan levere gode attføringstenester. Eg meiner og at ulike ideelle organisasjonar og sosiale entreprenørar kan bidra meir enn dei gjer i dag, men mange av dei er stengde ute frå marknaden. Det kan endre seg om vi legg om systemet frå eit monopolsystem der berre førehandsgodkjende verksemder kan levere arbeidsmarknadstiltak til eit system med konkurranse på like vilkår.
Vi vil også stille strenge krav til kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltak til alle leverandørar.
Som nemnd i tidlegare svar på skriftleg spørsmål, arbeider eg med å forenkle dei arbeidsretta tiltaka. Eit enklare tiltakssystem vil vere bra for både arbeidssøkarar, arbeidsgjevarar og dei tilsette i Arbeids- og velferdsetaten. Forslag frå dette arbeidet skal sendast på offentleg høyring om kort tid. Andre forslag til endringar i dei arbeidsretta tiltaka vil kome i den breie gjennomgangen av verkemiddel i arbeidsmarknadspolitikken i den varsla stortingsmeldinga.