Skriftleg spørsmål fra Gunvor Eldegard (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:711 (2013-2014)
Innlevert: 28.04.2014
Sendt: 29.04.2014
Svart på: 05.05.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Gunvor Eldegard (A)

Spørsmål

Gunvor Eldegard (A): Kan samferdselsministeren stadfesta at framdriftsplanen for utbygging av Follobana er i rute, og korleis vil eventuelt ministeren sørgja for at utbygging av Follobana ikkje vert forseinka?

Grunngiving

Follobana er Noregs største og viktigaste jernbaneutbygging. Den er vedtatt i Nasjonal Transportplan 2014 -2023, med oppstart i 2014 og ferdigstillelse i 2020. Eg er no gjort kjend med at kommunane i Indre Østfold gjennom Indre Østfold regionråd på nytt har fremma innsigelsar mot reguleringsplanen for Follobana, og at dette kan påverka og forseinka framdrifta av utbygginga. Dersom dette er rett, gir det grunn til bekymring, då det er svært viktig å oprettehalda framdrifta i prosjektet.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Som representanten Eldegard peikar på varsla regjeringa Stoltenberg II i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 (som vart lagt fram våren 2013), at Follobanen vart planlagt å stå ferdig i 2020. I statsbudsjettet for 2014 som den førre regjeringa la fram i oktober 2013 blei det varsla ei forseinking av Follobanen, bana ventas no å stå ferdig i 2021. Den sitjande regjeringa har ikkje varsla nokon ytterlegare utsetjing og det er ikkje forhold i dag som tilseier at bana ikkje skal stå ferdig i 2021. Det er rett at det dei siste vekene har vore nokre spørsmål knytt til dei to reguleringsplanane i Ski kommune som er knytt til Follobaneprosjektet. Dette er ei sak som no ligg til handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Eg forstår det slik at denne saka ikkje vil verke inn på den planlagde framdrifta for Follobanen.