Skriftleg spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:915 (2013-2014)
Innlevert: 10.06.2014
Sendt: 11.06.2014
Svart på: 18.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Formålet med Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) er jf. § 1 "... å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta."
Kan statsråden visa kva lovendring som er påkrevd for å sikra at offentleg betalte kommunikasjonsoppdrag vert omfatta av offentleglova?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Det følgjer av offentleglova § 2 at lova gjeld for staten, fylkeskommunane og kommunane. Lova gjeld òg for andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Vidare gjeld lova i utgangspunktet for sjølvstendige rettssubjekt, som til dømes selskap og stiftingar, dersom stat, fylkeskommune eller kommune direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av stemmene i det øvste organet i rettssubjektet, eller direkte eller indirekte har rett til å plukke meir enn halvparten av medlemene med stemmerett i det øvste organet i rettssubjektet.
Offentleglova § 3 slår fast at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn hjå organ som er omfatta av lova. Omgrepet «saksdokument» er i offentleglova § 4 andre ledd fyrste punktum definert som dokument som har komne inn til eller er lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta, og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet. Dersom eit offentleg organ bestiller eit kommunikasjonsoppdrag som ledd i verksemda si, vil offentleglova såleis gjelda for dei dokumenta som omhandlar dette oppdraget, og som er hjå organet. Dette vil både omfatte bestillinga, innkomne svar og annan korrespondanse i saka. Utgangspunktet etter offentleglova § 3 er at desse dokumenta er opne for innsyn.
Når det gjeld spørsmålet om unntak frå innsyn, kan det gjelda teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2 for enkelte forretningsrelaterte opplysningar som går fram av slike dokument. Dette kan til dømes vera informasjon om forretningsstrategiar eller marknadsanalysar innanfor bransjen. Det kan elles vera aktuelt med unntak etter offentleglova § 15 andre ledd for dokument som blir innhenta utanfrå til bruk i intern saksførebuing, og dette gjeld òg i saker om kommunikasjonsoppdrag. Unntakshøvet er her avgrensa til dei delane av dokumentet som inneheld konkrete råd og vurderingar om korleis organet skal stille seg i den aktuelle saka, og unntak må vera påkravd av omsyn til dei offentlege interessene i saka. I samband med forhandlingar mellom eit offentleg organ og ein leverandør av kommunikasjonstenester kan det òg vera aktuelt med unntak for opplysningar etter offentleglova § 23 fyrste ledd, men dette vil som det klare utgangspunktet berre gjelda inntil forhandlingane er avslutta.
Unntakshøvet er såleis sterkt avgrensa, og eg kan ikkje sjå at det er behov for lovendringar for at det skal gjelda innsynsrett i saksdokument i saker om kjøp av kommunikasjonsoppdrag.
Det vil som eit klart utgangspunkt òg gå fram av journalen til organet dersom det har vore korrespondanse med ein leverandør av kommunikasjonstenester, jf. arkivforskrifta § 2-6 fyrste ledd og § 2-7 fyrste ledd og offentleglova § 10 fyrste ledd. Såleis vil slik kontakt gå tydeleg fram, og det vil på vanleg måte kunne krevjast innsyn i den aktuelle korrespondansen.