Skriftleg spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:957 (2013-2014)
Innlevert: 16.06.2014
Sendt: 17.06.2014
Svart på: 25.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vil regjeringa ta initiativ til at det verdt nedsett eit digitalt sårbarheitutval (NOU), for å gjennomgå dei digitale sikkerheit- og beredskapsutfordringane i samfunnet på heilskapleg vis?

Grunngiving

Det er 14 år sia Sårbarhetsutvalget (NOU 2000:24), 8 år sia utvalet som vurderte kritisk infrastruktur (NOU 2006:6), og 5 år sia utredninga om personvern i det digitale samfunnet (NOU 2009:1).
Etterretnings- og sikkerheitstenestene har omtala angrep i “det digitale rom” som:

“[...] en av de raskest voksende truslene mot privatpersoner, næringsvirksomhet og offentlige institusjoner”.

Me har auka risiko for "digital sårbarheit” både privat og som samfunn. Noreg er i verdstoppen i internettbruk (nr 2 i verda etter Island), 2,2 millionar nordmenn brukar Facebook dagleg. Personvernutfordringa er større enn for berre få år sia, teknologien er i stor grad teke i bruk og internasjonale teleselskap sine vilkår er akseptert.
Me har konstatert trusselen, teke i bruk teknologien, men ikkje kome langt nok med tiltaka. Regjeringa bør setje ned eit digitalt sårbarheitsutval (NOU), for å gjennomgå dei digitale tryggleik- og beredskapsutfordringane i samfunnet på heilskapleg vis. På denne måten kan me få eit bredt fagleg grunnlag for å styrke og samordne beredskapen på det digitale feltet.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringa oppnemnde 20. juni 2014 eit utval som skal sjå på digitale sårbarheiter og levera ein NOU innan september 2015. Oppnemninga er konklusjonen på eit arbeid som har vore prioritert over tid i regjeringa.
Mandatet til utvalet er lagt ut på departementet sine heimesider.