Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1007 (2013-2014)
Innlevert: 23.06.2014
Sendt: 23.06.2014
Svart på: 26.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Eg viser til svaret statsråden ga på skriftleg spørsmål 537 (2013-12014), kor det kjem fram at arbeidet med å gjera endringar i ordninga med fri rettshjelp no er i startgropa.
Kan statsråden avklåre om tilbodet av advokattenester i distrikta er eit moment som vil bli vektlagt i arbeidet som no er i gong?

Grunngiving

For norske lokalsamfunn er det viktig med nærleik til all tenesteyting. Dette gjeld også tilbodet på advokattenester, som er særs viktig for lokal næringsverksemd. I tillegg representerer advokatar i lokalsamfunnet i seg sjølv ein kompetanse lokalt, også utanom kjøp av advokattenester. Advokatar er ofte ressurspersonar som er svært ettertrakta i styre i lokale bedrifter, organisasjonar og idrettslag. Til dømes nyttar næringslivet gjerne advokatar til generell rådgjeving, mellom anna for å sikre at både arbeidskontraktar og innleige av personell blir gjort i tråd med lovverket.
Vi veit samstundes at ordninga med fri rettshjelp er sjølve berebjelken i verksemda for mange advokatar og advokatkontor i distrikta. Ordninga med fri rettshjelp er mange stader det som gjer det mogleg å starte opp advokatfirma, og å halde drifta gåande. Utan ordninga med fri rettshjelp er det difor rimeleg å gå ut frå at ein god del advokatverksemder i distrikta gradvis vil forsvinne. Dette er forhold det er viktig å ha med seg når ein no skal gå gjennom og endre ordninga med fri rettshjelp.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Eg vil følgje opp Innst. S. nr. 341 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 26 (2008–2009) for å forbetre den offentlege rettshjelpsordninga. Det er for tidleg å seie kva område som eg vil foreslå å endre. Målet er å sende ut eit høyringsnotat med forslag til endringar i løpet av 2014.