Skriftleg spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1119 (2013-2014)
Innlevert: 20.08.2014
Sendt: 20.08.2014
Svart på: 28.08.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Sentrale delar av forvaringsinstituttet er no oppe til revisjon.
Er det utarbeidd, eller vil ministeren ta initiativ til, ei kartlegging som syner kor stor tilbakefallsprosent det er for dei som har sluppe ut i samfunnet etter at vilkåra for å halde dei i forvaring ikkje lengre er vurdert å vera til stades, og om det er skilnad på andel tilbakefall etter om det er kriminalomsorga/politi eller domstol som tek avgjerda?

Grunngiving

Forvaringsinstituttet er no godt etablert i strafferettspleia. I motsetnad til ein tidsavgrensa dom gjer ein forvaringsdom det mogleg for kriminalomsorga å forlengje soningstida så lenge som risikoen for tilbakefall er vurdert å vera reell. Sjølv om kriminalomsorga og politiet vurderer at risikoen er så stor at dei går mot prøvelauslating eller full lauslating, kan domstolane ved ei klagebehandling ta ei sjølvstendig vurdering av dette og gå inn for lauslating likevel.
Eit viktig mål med forvaringsinstituttet er å ha eit system der ein kan beskytte samfunnet mot nye kriminelle handlingar der ei tidsavgrensa straff ikkje er vurdert å vera tilstrekkeleg. Då er det viktig at vi veit korleis dette systemet fungerer i praksis. Det er kriminalomsorga som har tett kontakt med den innsette, og dei gjer vurderingar om eventuell prøvelauslating eller lauslating basert på erfaringa med vedkomande og uttaler frå andre aktørar, mellom anna politiet.
Det vil vera interessant å vita kva tilbakefallsprosenten generelt er etter lauslatingar frå forvaringssoning.
I tillegg er det viktig å sjå på om tilbakefallsprosenten er høgare i saker der domstolane overprøver vurderingar som kriminalomsorga gjer, altså der domstolane så går inn for lauslating trass i åtvaringar frå kriminalomsorga.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Dei fleste som blir lauslatt frå forvaring, blir lauslatt av retten, og i ein god del saker vel retten å lauslate imot påtalemakta og/eller kriminalomsorga si innstilling. Berit Johnsen ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) la i 2013 fram studien «Elleve år med forvaring: Løslatelser - praksis og rettspraksis - og tilbakefall».
I studien blir det slått fast at tilbakefall til ny kriminalitet blant forvaringsdømde synest å vere samanfallande med tilbakefallet blant lauslatte frå fengselsdom. Per 2.1.2012 hadde fem forvaringsdømde fått ny dom i perioden for prøvelauslating, mens det vart registrert ny domfelling etter endeleg lauslating hos ytterlegare 17 forvaringsdømde. Artikkelforfattaren samanliknar tilbakefallsprosenten for forvaringsdømde (20,4 %) med resultatet av ein nordisk studie, som viser eit tilbakefall på 20 % for alle lauslatte etter soning av fengselsstraff i Noreg i 2005.
Berit Johnsen har også gjort ei undersøking av om det er forskjell i tilbakefall mellom gruppa som er lauslatt ved dom eller etter vedtak treft av kriminalomsorga. Undersøkinga viser at det er litt mindre grad av tilbakefall i gruppa der prøvelauslating er avgjort av retten. Per 31.12.2012 var det til saman 108 personar som var lauslatt frå forvaring. Undersøkinga tek utgangspunkt i at det av desse er 22 personar som er lauslatt av kriminalomsorga etter samtykke frå påtalemakta, og 47 personar som er lauslatt av retten i strid med påtalemakta sin påstand. Tilbakefall for den fyrste gruppa er utrekna til 22,7 %, og for den andre gruppa til 12,8 %.
I og med at det er små tal som ligg til grunn for berekningane, vil eg understreke at eit fåtal saker kan gi store prosentvise utslag.