Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1232 (2013-2014)
Innlevert: 17.09.2014
Sendt: 17.09.2014
Svart på: 24.09.2014 av utenriksminister Børge Brende

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Noreg støttar det iranske narkotikaprogrammet med seks millionar kroner i året, samtidig som Iran nyttar offentleg henging som straff for narkotikakriminalitet. På den måten finansierer Noreg ein politikk som tek livet av fleire hundre personar kvart år.
Vil ministeren ta til orde for at Noreg innstiller stønaden til UNODCs program mot narkotika og kriminalitet, slik som Danmark gjekk inn for å gjere i fjor?

Grunngiving

Sida 2011 har Noreg støtta det iranske narkotikaprogrammet med seks millionar kroner kvart år. Pengane som Noreg gir til Iran blir kanalisert gjennom SN- organisasjonen UNODC, The UN Office Drugs and Crime. Sida 2005 har Iran fått over 200 millionar kroner frå EU og SN for å kjempe mot narkotikakriminalitet. Programmet er delt inn i tre delprogram: (1) Ulovleg smugling og grensehandtering, (2) reduksjon av narkotikaetterspurnad og HIV-kontroll, og (3) kriminalitet, strafferett og korrupsjon.
Noreg har øyremerkt pengane til delprogram 2 og 3, og i teorien skal pengane frå Noreg verta nytta til å kjempa mot avhengnad av narkotika, og til å betra det institusjonelle rammeverket for strafferett og kampen mot korrupsjon. Men i praksis støttar Noreg ein politikk som tek livet av fleire hundre personar kvart år. Tal frå menneskerettsgruppa «Iran Human Rights» viser at i 2013 blei 328 menneske i Iran hengde for narkotikakriminalitet. I 2012 var talla minst 580 menneske, og 294 av desse var offentlege avrettingar. Iran er det landa i verda som nyttar dødsstraff hyppigast, nest etter Kina. Mellom 70 og 80 prosent av dødsstraffene i Iran er knytte til narkotika.
I 2011 og 2012 gav Danmark fem millionar kroner kvart år til narkotikaprogrammet i Iran, men i 2013 trekte utviklingsminister Christian Friis Bach det danske tilskottet og uttalte:

«Det er et signal til Iran om, at brugen af dødsstraf er uacceptabel og noget, som vi på ingen måde kan stå inde for.»

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Iran er det viktigaste transittlandet for narkotika frå Afghanistan (ca. 60 %). Dette utgjer eit stort samfunnsproblem for Iran, og mykje av narkotikaen vert smugla vidare til Europa og Noreg.
Iran har eit av verdas høgaste tal på narkotikamisbrukarar og hiv-positive. Denne gruppa er blant dei svakast stilte i samfunnet og manglar ofte eit medisinsk tilbod. Noreg vedtok derfor i 2011 å støtte FNs kontor mot narkotika og kriminalitet (UNODC) i Iran med opptil seks millionar kroner årleg.
Frå norsk side har vi vore merksame på dei moglege utfordringane knytt til menneskerettane som innsats mot narkotika i Iran kan innebere. Det er derfor ein føresetnad for det norske bidraget at vår støtte ikkje går til aktivitetar som kan føre til brot på menneskerettane. Dette gjeld særleg bruken av dødsstraff.
UNODC-programmet i Iran er tredelt. Noreg har støtta delprogram 2 og 3, som omfattar støtte til informasjonskampanjar, førebygging av narkotikarelatert HIV/AIDS, behandlingstilbod for unge misbrukarar, kapasitetsbygging i organisasjonar som arbeider for å førebyggje avhengnad, og førebygging av korrupsjon og kvitvasking. Noreg har ikkje støtta delprogram 1 (narkotikasmugling og grensekontroll), nettopp for å unngå at norsk støtte skulle kunne bidra til å ta smuglarar som i neste omgang kan risikere dødsstraff.
Programmet skal styrkje iransk etterleving av internasjonale reglar. Programmet vert støtta av mellom andre Tyskland og Sverige. Det norske bidraget har hjelpt mange narkomane og HIV/AIDS-offer til eit betre liv, og styrkt førebygging. Samarbeidet med UNODC, som har tett kontakt med iranske styresmakter, er òg ein viktig kanal for å ta opp konkrete utfordringar knytt til menneskerettane.
Det vil framleis vere ein føresetnad for vidare støtte til UNODC i Iran at ho ikkje bidreg til brot på menneskerettane. Vi tek jamleg opp vår uro for situasjonen direkte med Iran og kritiserer bruken av dødsstraff. Vi tek óg opp dette i andre FN-forum.