Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1247 (2013-2014)
Innlevert: 19.09.2014
Sendt: 22.09.2014
Svart på: 03.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kva er statsråden sin kommentar til at eit velfungerande asylmottak i Bremanger vert lagt ned og at det blir oppretta eit nytt mottak i Høyanger, mot kommunane sitt eige ynskje, og meiner statsråden at kommunane sin rett til informasjon og medverknad i prosessen er betre ivareteke no enn det som var tilfellet då det vart etablert eit mottak i Årdal?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Alle som søkjer asyl i Noreg, skal ha tilbud om innkvartering i eit asylmottak. Denne oppgåva er delegert til Utlendingsdirektoratet, som sjølv vel korleis mottaka skal driftast. Praksis i dag er at UDI konkurranseutset all drift av asylmottak, og som regel er også leige av lokale til innkvartering inkludert i kontraktane, slik tilhøvet er for Bremanger og Høyanger. Når ein kontrakt går ut, lyser UDI ut ny konkurranse, slik lov om offentlege innkjøp legg opp til. Kontraktane vert fornya med nokre års mellomrom, og ei følgje av konkurranseutsetjing kan vere at nye tilbydarar vinn konkurransen om å driva asylmottak. Det kan innebere at verksemda vert flytta til ein ny kommune, dersom tilbydar disponerer innkvarteringsstader i ein annan kommune. Lov om offentlege innkjøp gir med andre ord føring på korleis val av tilbydar skal skje.
Departementet har sidan 2002 stilt krav til UDI om at ein andel av mottaksplassane skal nyttast. Kravet var opprinneleg 90 % for faste mottaksplassar, ein periode var kravet ulikt om plassane var faste eller ikkje, men sidan 2011 har kravet til UDI vore at minst 85 % av alle mottaksplassar skal nyttast. Kravet er ein planføresetnad knytta til storleiken på budsjettet. Det står derfor i tildelingsbrevet til UDI for 2014 at:

«Det er et krav at kapasitetsutnyttelsen i mottak er minimum 85 pst. av alle plasser inkludert stykkprisplasser, unntatt plasser for enslige mindreårige, året sett under ett. I mottak/avdelinger for enslige mindreårige asylsøkere skal kapasitetsutnyttelsen være på minst 85 pst. av faste plasser. Beredskapsplasser er ikke inkludert i kravene om kapasitetsutnyttelse.»

Eg er oppteken av at kommunar skal få dekka utgiftene til lovpålagte tenester dei får som følgje av at det vert etablert asylmottak i kommunen, og at dei skal varslast om at det kjem eit asylmottak i kommunen så snart råd er. Departementet arbeider med ei gjennomgang av gjeldande retningslinjer frå departementet til UDI for å sikre at dialogen mellom UDI og kommunar er så god som mogleg.