Skriftleg spørsmål fra Terje Breivik (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1272 (2013-2014)
Innlevert: 30.09.2014
Sendt: 01.10.2014
Svart på: 13.10.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): Fleire bedrifter held til på store og mindre stader langs jernbanenettet for å ha lett tilgong til marknader i dei større byane. Dette er positivt. Da kan vi ha fleire arbeidsplassar nærare der folk bur og vi får spreidd arbeidsplassar over heile landet. Fleire småbedrifter melder til meg at kostnandene med å reise med tog er høge. Ei utfordring er at dei reiser ofte, men med ulike folk slik at personlege månadskort ikkje er mogleg. Dei føreslår at det vert mogleg å kjøpe månadskort på organisasjonsnummeret. Dersom det vert mogleg vil fleire bedrifter kunne nytte tog til å reise med, og kostnadane for bedriftane vert redusert.

Grunngiving

Fleire bedrifter held til på store og mindre stader langs jernbanenettet for å ha lett tilgong til marknader i dei større byane. Dette er positivt. Da kan vi ha fleire arbeidsplassar nærare der folk bur og vi får spreidd arbeidsplassar over heile landet. Fleire småbedrifter melder til meg at kostnandene med å reise med tog er høge. Ei utfordring er at dei reiser ofte, men med ulike folk slik at personlege månadskort ikkje er mogleg. Dei føreslår at det vert mogleg å kjøpe månadskort på organisasjonsnummeret. Dersom det vert mogleg vil fleire bedrifter kunne nytte tog til å reise med, og kostnadane for bedriftane vert redusert.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Samferdselsdepartementet arbeider for at fleire skal velje å reise kollektivt. Trafikkavtalen staten har med NSB AS om offentleg kjøp av persontransporttenester er utforma for at NSB skal ha ordningar som tiltrekkjer seg fleire reisande.
Trafikkavtalen mellom Samferdselsdepartementet og NSB AS føreset at NSB tilbyr periodebillettar. I avtalen med NSB AS er det vidare krav om at barn, honnørreisande og studentar skal få rabatt. Avtalen opnar for at NSB kan gje rabatt også utover dette, basert på vurderingar av marknaden. Miniprisbillettane er eit eksempel på dette.
NSB avvikla den såkalla bedriftsavtala 31.7.2012. Begrunnelsen var mellom anna at berre 1 % av dei reisande var omfatta av bedriftsordninga og det var vanskeleg å sikre at avtalen berre vart nytta ved tenestereiser. Ordninga vart behandla manuelt, noko som gjorde den kostbar å administrere. I staden ynskja NSB å satse på eit enkelt, effektivt og rettferdig billettsystem med rabattordningar som kjem alle reisande til gode. Fleire bedrifter kjøper i dag NSB kundekort til sine medarbeidarar. Dette kostar 750 kroner i året og gjev 20 % rabatt på alle reiser. Kortet er personleg.
NSB tilbyr i dag upersonlege reisekort med periodebillett i Austlandsområdet (Lillehammer/Halden/Skien inkludert Ruter i Oslo og Akershus) og i Hordaland (Skyss). I Sør-Trøndelag er det mogleg å nytte AtB sitt upersonlege periodekort også om bord på NSB sine tog, og tilsvarande kan dei reisande i Stavangerområdet nytte Kolmbus sine upersonlege periodepass om bord på NSB sine tog. Desse upersonlege periodebillettane kan nyttast av kven som helst i gyldigheitsperioden.