Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:125 (2014-2015)
Innlevert: 24.10.2014
Sendt: 27.10.2014
Svart på: 06.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at dei demokratiske spelereglane vert følgde i oppfølging av Politianalysen, og at Politidirektoratet ikkje på eiga hand førebur strukturendringar, men avventar drøftingar og vedtak i Stortinget?

Grunngiving

I media i Sogn og Fjordane har det sist veke vore sitat frå politileiinga i fylket der ein forventar at Sogn og Fjordane politidistrikt vert slått saman med Hordaland politidistrikt.
Dette vart sagt med bakgrunn i kva ein ser føregår i organisasjonen, det vil seie Politidirektoratet. Det er også sagt at det ein ser tydelege føringar om retninga og antyda at Politidirektoratet er komne langt i å førebu strukturelle endringar.
I høyringa til Politianalysen går politimeisteren i Sogn og Fjordane inn for ein fylkesmodell der Sogn og Fjordane får behalde eige politidistrikt. Det same har Fylkesmannen, fylkeskommunen, KS og dermed kommunane i fylket gjort.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringen planlegger å legge frem sak for Stortinget om politireform før jul. Det er naturligvis ikke opp til hvert enkelt politidistrikt å vurdere hva som blir utfallet av en pågående politisk prosess, men de skal forholde seg til det som blir resultatet. Samtidig mener jeg det er viktig at politiet er engasjert i hvordan fremtidens politi skal være, men legger selvsagt til grunn at gjeldende regelverk for opprettelse og nedleggelse av lokale tjenestesteder naturligvis følges. Samtidig har lokale politimestere ansvar for å sikre at ressursene i eget politidistrikt benyttes på en best mulig måte.